Hopp til innhold

Støre: – Vi har gjort ein feil

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) tek sjølvkritikk på at partiet kom med valkamputspel på saker som blei kutta i statsbudsjettet. – Det har ikkje vore målet vårt å villeie nokon.

en mann med et rett ansikt

BEKLAGAR: Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) beklagar at utspel frå valkampen ikkje kom med i forslaget til statsbudsjett.

Foto: Håkon Benjaminsen / NRK

Det blei høg temperatur då statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) møtte til pressetreff etter eit møte mellom den nye stortingsgruppa til Arbeidarpartiet og regjeringsmedlemmane måndag.

Tema på møtet var blant anna utspel frå valkampen som var kutta i forslaget til statsbudsjett.

Støre beklagar, men avviser at dei har loge.

  • Jonas Gahr Støre

    Det har ikkje vore målet vårt å villeie nokon på noko vis, sa Støre.

    Foto: Håkon Benjaminsen / NRK
  • Jonas Gahr Støre snakker i mikrofon

    Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) beklagar at utspel frå valkampen ikkje kom med i forslaget til statsbudsjett.

    Foto: Håkon Benjaminsen / NRK
  • Støre går med rådgivere

    Kritikarane til det som no er lagt fram, finst også internt i Arbeidarpartiet.

    Foto: Håkon Benjaminsen / NRK

– Det har ikkje vore målet vårt å villeie nokon på noko vis. Men når vi ser det som har oppstått her, det som har blitt kommunisert, så er det grunn til å seie at her har vi gjort ein feil, sa Støre etter møtet.

Les også Vestre: Villig til å gjøre endringer i kutt på studielån og fergesatser

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) og Helseminister Jan Christian Vestre besøker Sykehuset Østfold på Kalnes.

Blant sakene det er snakk om, er gratis ferjer og nedskriving av studiegjeld.

Dette er saker Senterpartiet som er viktige for partiet, og krev at dei blir tekne inn i budsjettet igjen før dei kan sette seg til forhandlingsbordet i Stortinget.

– No ligg statsbudsjettet i Stortinget. Eg er oppteken av å respektere alle dei fire partia og ikkje begynne å stykke dei om eitt og eitt, sa Støre etter møtet.

Les også Trebeint ultimatum: Dette krev Vedum av Støre

Trygve Slagsvold Vedum

Kritikk frå eigne rekker

Kritikarane til det som no er lagt fram, finst også internt i Arbeidarpartiet.

Stortingsrepresentant Trond Giske frå Trøndelag meiner at regjeringa må rydde opp.

– Når vi gav så klare løfter i valkampen, må vi innfri dei i budsjettet, seier han.

Trond Giske holder en bok

Stortingsrepresentant Trond Giske frå Trøndelag meiner regjeringa må innfri løfta dei gav i valkampen.

Foto: Mats Rønning / NRK

Giske får støtte frå Averøy-ordførar Ingrid Ovidie Rangønes (Ap) som blei skuffa og irritert då forslaget til statsbudsjett blei lagt fram.

– Vi er valde av folket. Det er folket som er arbeidsgjevaren vår. vi skal ikkje bløffe eller lyge til veljarane våre.

Ingrid Ovidie Rangønes står foran en rød bygning og smiler forsiktig til kamera.

Averøy-ordførar Ingrid Ovidie Rangønes

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Ap-veteran Asmund Kristoffersen frå Møre og Romsdal seier han er skaka, og at dette går på tilliten laus for partiet.

– Det vil ta tid å bygge opp att tilliten. Eg meiner dei har snakka usant. Desse pengane må på plass ved første og beste høve, seier han.

AKTUELT NÅ