Hopp til innhold

Gjer store investeringar for å spare på straum­rekninga

Berre halvparten av landets drygt 1000 hotell har energimerking. No tek fleire hotell grep for å bli meir energieffektive.

Hotel Alexandra

KUTTA 40 PROSENT: Hotel Alexandra i Loen har redusert årleg kjøp av straum frå det offentlege straumnettet med mellom 2 og 3 GWh. Det svarar til det årlege straumforbruket til over 100 husstandar.

Foto: HOTEL ALEXANDRA

CO₂ i atmosfæren
426,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Mindre utgifter til straum, lågare belastning på det offentlege straumnettet, og eit mål om å bli klimanøytral.

Slik summerer hotelldirektør Richard Grov opp motivasjonen bak at hotellverksemda hans har investert 25 millionar kroner for å bli meir energieffektive.

Totalt sett har vi 23.000 kvadratmeter under tak. Det treng naturlegvis mykje energi for å varmast opp.

Varmepumper og fjordvarme

Det har kosta, men Hotell Alexandra i Loen kan no – som eitt av få norske hotell – smykke seg med energimerking A. Ein karakter stort sett berre nybygde hotell har oppnådd. Til samanlikning er dei eldste delane av Alexandra frå 1950-talet.

– Gjennom nye investeringar har vi redusert kjøpet frå det offentlege straumnettet med om lag 40 prosent, konstaterer Grov.

Det var Fjordingen som fyrst omtalte saka.

Richard Grov viser fram energisentralen på Hotel Alexandra

Hotelldirektør Richard Grov viser fram den nye komplette energisentralen ved Hotel Alexandra i Loen.

Faksimile: NRK

Nye varmepumper, straum frå lokalt vasskraftverk og ikkje minst fjordvarme – alt styrt frå ein ny energisentral – vart løysinga ved hotellet i Nordfjord.

Fleire store hotell gjer som Alexandra. På Geilo har Vestlia hotell mellom anna bora 300 meter energibrønnar for å få ned straumutgiftene. Vestlia har kutta forbruket med 2 gigawattimar (GWh), noko som svarer til det årlege straumforbruket til 80 husstandar.

Kjem de til å tene att pengane?

Det er mange faktorar som påverkar det. Fyrst og fremst temperaturen ute. Og desto høgare kraftprisane blir, desto raskare blir innsparinga. Det viktigaste er at vi har mindre belastning på det offentlege straumnett, seier Alexandra-direktøren.

Les også Hoteller i krise – krev billigare straum

Dølen hotell i Evje og Hornnes er eit av fleire hotell i regionen som slit med høge straumutgifter.

Meiner hotell slukar energi

Det er Enova som deler ut energimerking. Energimerking skal auke bevisstheita om energibruk og løysingar som kan gjere bygningar meir energieffektiv.

Seniorrådgjevar Tor Brekke har ansvar for miljømerkinga og seier at hotellbransjen skil seg ut i mengda.

Hotell er blant dei bygningstypane som brukar mest energi. Dei ligg gjennomsnittleg på same nivå som forretningsbygg, medan kontorbygg og skular brukar mindre.

I dag er det 570 hotell som er energimerka.

Statisisk sentralbyrå sine tal frå 2022 viser at vi har om lag 1050 hotell og liknande overnattingsbedrifter i Noreg.

Bilete av seniorrådgiver i Enova, Tor Brekke

Seniorrådgjevar i Enova, Tor Brekke.

Foto: Enova

Rundt 500 av hotella er altså ikkje energimerka.

Det kan hende at dei med aller dårlegast energitilstand har valt å ikkje skaffe seg eit energimerke, spekulerer Brekke.

Gamle bygg har ofte ein del eigenskapar som er vanskelege å endre. Ein finn fleire gamle bygg langt nede på skalaen.

Likevel seier Brekke at det er eit betre alternativ å oppgradere enn å rive.

Det å oppgradere ein gammal bygning til eit godt energinivå er enda betre enn å rive den ned og byggje nytt. Da tek du vare på konstruksjonen. Og å bruke mykje ny betong er ikkje så klimavennleg.

Hotell frå 1896 tok grep

Eit hotell som i stor grad har klart å omstille seg til dagens energikrav på C trass i at hovudbygget vart bygd i 1896 er Solstrand Hotel og Bad på Os.

Tredje generasjons eigar og direktør Børrea Schau-Larsen veit ikkje kor mykje dei har investert sidan dei starta omstillinga for 37 år sidan.

Det er umogleg å seie, fordi vi gjennom ein heil generasjon har gjennomført store og små grep i kvardagen. Det går heller ikkje an å svare på om det har løna seg. Men det vi veit, er at hadde vi ikkje gjort det, så hadde ikkje vi kunne drive i dag.

Allereie i 2012 fekk dei energimerke B. Og i 1986 var Solstrand blant de første hotella i Noreg som investerte i varmepumper for å utnytte havet som energikjelde.

Vi i Noreg har veldig gode føresetnader til å vere frampå og gjere gode grep. Ikkje minst å ha eit forbruk som ikkje er større enn det treng å vere.

Solstrand Hotel & Bad

Solstrand Hotel & Bad i Bjørnafjorden sør for Bergen er blant hotella som har tatt grep.

Foto: Solstrand Hotel & Bad/Montag