Hopp til innhold

Om lag 300 born står i fosterheimskø – for Miriam var fosterheimen redninga

Over heile landet ventar born på å få eit betre liv i fosterheimar. Behovet er langt større enn tilbodet.

Miriam Jasmin Vik

FOSTERBARN: Miriam Jasmin Vik har vakse opp i fosterheim. Ho Synest det er vondt å vite at 200 barn står i kø for å få bu i fosterheimar.

Foto: Dina Flått

Om lag 300 barn ventar no på å få plass i ein fosterheim.

Konsekvensen er at born blir i mellombelse eller uavklarte situasjonar som institusjonar og beredskapsheimar, eller i heimane sine.

Miriam Jasmin Vik frå Svelgen i har budd i fosterheim sidan ho var seks år.

For tjueeinåringen var dei gode omsorgspersonane i fosterheimen viktige etter omsorgssvikt hos sine biologiske foreldre.

– Fosterforeldra har vore støttespelarar gjennom heile oppveksten, og hjelpte meg til å bli eit sjølvstendig individ.

Men mange born og unge må vente lenge på desse støttespelarane.

– Å føretrekkje når barn ikkje kan bu heime

Divisjonsdirektør Tove Bruusgaard i Bufdir meiner at fosterheimar er det viktigaste tiltaket for barn som må bu utanfor heimen.

I tillegg til at har det store samfunnsøkonomiske konsekvensar.

Det er godt dokumentert at fosterheimar er å føretrekkje når barn i kortare eller lengre tid ikkje kan bu heime.

Tove Bruusgaard

Tove Bruunsgaard i Bufdir seier at fosterheimar er å føretrekke når barn ikkje kan bu heime.

Foto: Bufdir

Det kjenner Vik seg igjen i.

– Når ein flytter inn i ein fosterheim, har ein oftast ein bagasje prega av omsorgssvikt som kan by på nokre utfordringar. Då treng du nokre gode omsorgspersonar som kan hjelpe og støtte deg, seier 21-åringen som også er ein av deltakarane i TV-serien Gigantene på NRK.

Fosterforeldre synest jobben er meiningsfull

Samstundes som at mangelen på fosterheimar er stor, er nesten 65 prosent av eksisterande fosterforeldre er usikre eller kan ikkje tilrå andre å bli fosterheimar.

Det viser Fosterhjemundersøkelsen frå 2024, som er ei brukarundersøking frå Norsk Fostehjemforening.

Tone Granaas i Norsk fosterhjemforening understrekar at det ikkje er barna som er årsaka til at fosterforeldre ikkje vil tilrå å bli fosterheimar.

Ifølge henne synest dei fleste at det er ei særs meiningsfull jobb.

Tone Granaas, generalsekretær Norsk Fosterhjemsforening

Tone Granaas meiner vi har ei fosterheimskrise i Noreg.

Foto: Lars Thomas Nordby / NRK

Det er derimot strukturane og systemet rundt fosterforeldra opplever som utfordrande.

– Det fosterforeldre seier og er tydelege på, er at dei må ha større rettar og trygge, forutsigbare rammer til å ivareta barna.

  • «Grethe» ville ikkje halde fram som fosterforelder på grunn av manglande rettar.

Høyringsforslag skal gjere det lettare for fosterforeldra

Denne våren la regjering eit forslag ut på høyring, med ei rekke endringar for fosterheimar for å nettopp møte desse utfordringane.

Endringane gjeld mellom anna:

  • Kompensering for tap av pensjon
  • Styrke rettane til fosterforeldra
  • Styrke rettane til borna i avgjerdsprosessar

Forslaget skal mest truleg behandlast i Stortinget våren 2025.

Sjølv om Vik er over 18 år er det fosterfamilien framleis viktig.

Det er dei ho drar på sommarferie med og drar heim til, til jul og andre høgtider.

– Etter vidaregåande drar folk på folkehøgskule og på universitet og slikt, men ein har jo framleis ein heim. Eg har fosterheimen min som min heim.

Ho legg til at mange kanskje ser for seg at ungdommar er vanskelegare å få i hus, med tanke på utagerer i og rus. Vik meiner at dette ikkje er virkelegheita, då eldre barn gjerne kan vere lettare å kommunisere med, og slik ta tak i utfordringane.

Les også Gina (21) mistet språket i fosterhjem: - Fikk identitetskrise

Portrettbilde av Gina (21) som er tidligere fosterbarn og tilhører den nasjonale minoriteten rom.