Hopp til innhold

Stod fram og fortalde om muslimhets – blei kalla «jødehatende rotte»

BERGEN SENTRUM (NRK): Camilla Ahamath bytte etternamn på barna sine for å spara dei for muslimhets. Det utløyste ny trakassering. No politimelder SV-politikaren ein mann for hatkriminalitet.

Camilla Ahamath leverer sin anmeldelse mot hets og trakassering

GJEKK TIL POLITIET: Måndag leverte Camilla Ahamath tekstmeldingar og telefonloggar til politiet etter fleire dagar med grov trakassering. – Eg kjem til å melda kvart einaste tilfelle framover, seier SV-politikaren.

Foto: Helena Viktoria Johnsen / NRK

Camilla Ahamath er fødd og oppvaksen i Bergen, med norsk mor og far frå Sri Lanka.

Gjennom oppveksten har fjerdekandidaten for Bergen SV opplevd rasistisk motivert mobbing og trakassering for det ho sjølv kallar eit «muslimnamn».

I sommar gav ho dei to yngste barna nytt etternamn.

– Berre tanken på at ungane mine skal måtta gå gjennom noko slikt, er heilt forferdeleg, sa Ahamath til NRK, då ho førre veke fortalde om namnebytet.

Hetsmelding sendt til Camilla Ahamath
Foto: Skjermdump

– Ikkje tola alt

I fjor var Ahamath mellom initiativtakarane til ei innsamling til Leger Uten Grenser, som ein motaksjon til blomegåvene til Sylvi Listhaug (Frp).

Ho får mange positive reaksjonar, men den offentlege rolla fører også med seg hets og sjikane, fortel ho.

– Me skal tola ein del, me som ytrar oss i offentlegheita. Men grensa går ved hatkriminalitet, seier Ahamath.

Måndag ettermiddag gjekk ho til Bergen sentrum politistasjon og politimelde ein mann frå Austlandet for hatkriminalitet. Mannen har ifølge Ahamath ringt og sendt sjikanerande meldingar på SMS og i sosiale medium ei rekkje gonger etter saka om namnebytet.

Mellom anna kalla han Ahamath ei «jødehatande rotte». SV-politikaren trur den utløysande årsaka var at ho oppmoda Stortinget til å vedta handlingsplanen mot muslimhat.

– Tidlegare har eg feid slikt under teppet og ikkje orka å forholda meg til det. Men frå no av kjem eg til å melda kvart einaste tilfelle til politiet, seier Ahamath til NRK.

Camilla Ahamath med sønnen

BYTTE NAMN: Camilla Ahamath og hennar to yngste barn deler ikkje lenger etternamn.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

– Demokratisk problem

Ahamath ligg an til å bli valt inn i bystyret i Bergen, og ønsker å synleggjera at hatytringar og hets mot politikarar og samfunnsdebattantar er eit demokratisk problem.

– I meldingane kan det stå dei verste ting du kan tenka deg. Ting du ikkje har lyst å lesa.

– Kvar einaste gong dette skjer med nokon, er det færre som tør å gjera noko. Då mister me viktige stemmer og perspektiv me hadde trunge i samfunnsdebatten, seier Ahamath.

Marjan Nadim

FORSKAR: Marjan Nadim ved Institutt for samfunnsforsking har leia fleire forskingsprosjekt om hatefulle ytringar på oppdrag frå regjeringa.

Foto: Institutt for samfunnsforskning

Forskar ved Institutt for samfunnsforsking, Marjan Nadim, har forska mykje på netthets og debattkulturar på nett. Undersøkingar viser at folk flest forventar at politikarar toler ein del hets.

Difor kan det vera spesielt viktig å følga med på kva den gruppa blir utsett for, ifølge ho.

– Me har sett mange døme på unge politikarar som har gått ut og sagt at hetsen blir for dryg og at dei går ut av politikken. Dersom netthetsen får denne type konsekvensar, byrjar me å snakka om eit demokratisk problem, seier Nadim.

Camilla Ahamath har tidlegare jobba som journalist i Bergens Tidende og NRK Hordaland.