Normal

Samla inn over 17 millionar under Listhaug-bråket

Blomane til Sylvi Listhaug fekk Camilla Ahamath til å starta ein motaksjon. To timar etter at Listhaug gjekk av var innsamlinga over – med eit svimlande resultat.

Camilla Ahamath, bak innsamlingsaksjon for Leger uten Grenser

MOTAKSJONISTEN: – Me skal visa – igjen og igjen – at me er fleire enn dei høgreekstreme og rasistane. At me ønsker eit varmare samfunn, seier Camilla Ahamath.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Det er så mykje hjartevarme i dette landet og det viser at det nyttar å stå opp mot krefter vi ikkje likar. Og det er eg utruleg stolt over, seiar Camilla Ahamath.

Bergensaren og SV-politikara starta fredag kveld innsamlinga til Leger Uten Grenser som ein motaksjon mot mobiliseringa med blomehelsingar til justisminister Sylvi Listhaug.

Tysdag klokka 10.00 var innsamlinga avslutta. Då var summen på 16,7 millionar kroner. Ahamath opplyser at det òg har blitt samla inn ein halv million kroner via Vipps.

Ifølgje Eirik Vatnøy er det truleg første gong ein upolitisk organisasjon vert brukt i ein såpolitisk aksjon. Han er førstelektor på Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen.

– Motivasjonen for folk er nok å markera eige standpunkt i saka. Å ytra motstand. Dessutan er det veldig enkelt å bidra. Aksjonen er vellaga og det er ei sak som er veldig eigna for å få fram kjensler, seiar Vatnøy.

Han meiner det handlar om kven vi er som politisk fellesskap og dei verdiane vi bryggar samfunnet vårt på. Dessutan legg Facebook til rette for å samla inn mykje pengar.

– Aksjonen følgjer Facebook sine algoritmar, som gjer at han lett dukkar opp i vener sin feed, der ein kan sjå at folk du kjenner donerer. Då vert terskelen senka for å bidra.

Følg innsamlingsaksjonen her:

– Kjempar for humanitære verdiar

President Karine Nordstrand i Leger Uten Grenser takka søndag ettermiddag djupt for støtta.

– Kvart enkelt bidrag gjer at me kan nå ut til endå fleire med medisinsk naudhjelp, uavhengig av prioriteringane til styremakter og utan å ta side i konfliktar. Me kjem til å halda fram kampen for humanitære verdiar. Denne aksjonen viser veldig tydeleg at me har mange i ryggen.

Ahamath fekk idéen til innsamlingsaksjonen saman med Sjur K. Almskår då Listhaug fredag viste fram blomehelsingane ho hadde fått til kontoret sitt.

– Eg leita etter litt håp på Facebook i går, for eg var fortvila over at Listhaug var så stolt for alle blomane ho hadde fått, seier Ahamath.

Då såg ho at nokon hadde tatt initiativ til å samla inn blomar til leiar Bjørnar Moxnes i partiet Raudt som fremja mistillitsforslaget mot Listhaug. Sjølv er Ahamath aktiv medlem i Sosialistisk Venstreparti.

– Men eg tenkte at blomar visnar så fort. Me må gjera noko anna. Ein motaksjon til dei idiotiske blomane, rett og slett, seier Ahamath.

Støtteerklæring til Listhaug

BLOMEHAUGEN: Justisministeren viste fredag fram blomehelsingane ho hadde fått tilsendt til kontoret sitt.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

– Du unner henne ikkje blomar?

– Jo, eg unner henne ein haug med blomar som visnar. Eg håpar dei tar bilete når dei blir kasta i søppelet, òg.

Skjermdump Sylvi Listhaugs Facebookutspill

HATRETORIKK: Mistillitsforslaget mot justisminister Sylvi Listhaug kom etter at ho la ut dette innlegget på Facebook.

Foto: NRK

– Tok avstand for seint

Blomehelsingane til Listhaug kom mellom anna etter mobilisering frå den innvandringskritiske sida «Slå ring om Noreg». Laurdag tok Listhaug avstand frå denne gruppa.

– Kva tenker du om det?

– At ho tok avstand frå dei i dag er for seint. Det er berre PR-strategi. Hadde ho meint det, hadde ho gjort det med ein gong. Men i går takka ho og var så stolt over alle blomane, sjølv om ho visste svært godt at nokre av blomane kom frå høgreekstreme og rasistar.

– Skal ikkje vanlege folk få støtta og oppmuntra ein statsråd dei er samde med?

– Jo, det er lov. Men hatretorikken og det høgreekstreme, rasistiske og diskriminerande er det ikkje greitt å støtta. Slik kan me ikkje ha det i Noreg.

Nils Mørk

GLAD MOTTAKAR: Me er overvelda av takksemd. Eg blir svimmel av å følga med på kor fort pengane renn inn, seier kommunikasjonssjef Nils Mørk i Leger Uten Grenser.

NRK fekk laurdag kveld ikkje kontakt med Listhaug eller hennar politiske rådgjevar Espen Teigen for kommentar.

Ønsker humant ordskifte

Kommunikasjonssjef Nils Mørk i Leger Uten Grenser er svært glad for innsamlingsaksjonen Ahamath starta.

– Me visste ingenting på førehand, og er overvelda av takksemd. Då eg oppdaga aksjonen laurdag morgon, var det kome inn nokre få tusen kroner. I 18-tida passerte det to millionar kroner. Dette går ufatteleg fort. Eg blir svimmel av å følga med.

– Leger Uten Grenser er ein partipolitisk uavhengig organisasjon. Korleis vurderer de å få pengestøtte som følge av ei så politisk lada innsamling?

– Me legg oss ikkje opp i partipolitikk. Og personane dette gjeld – Listhaug og Moxnes – har me inga meining om. Men viss innsamlingsaksjonen fører til at me får eit meir humant ordskifte i Noreg, er det positivt, seier Mørk.

Camilla Ahamath var sommaren 2017 journalistvikar i NRK Hordaland. I dag er ho nettredaktør ved Universitetsmuseet i Bergen.