Hopp til innhold

Strid om israelsk vin bør ut av Vinmonopolet

Torsdag diskuterte bedriftsforsamlinga i Vinmonopolet ein eventuell stopp i import av såkalla busettarvin.

AamgaPUe-0k

BAT AYIN: Diskusjonen om boikott av israelske varer nådde torsdag bedriftsforsamlinga i Vinmonopolet.

Foto: Reuters

Tysdag stemte eit fleirtal på Stortinget nei til fleire framlegg om sanksjonar mot Israel, men spørsmål om boikott av israelske varar vert stilt frå fleire kantar.

No har debatten nådd Vinmonopolet.

Torsdag ettermiddag var følgande spørsmål oppe til diskusjon i bedriftsforsamlinga:

«Vil Vinmonopolet ta initiativ for å avgrense/avslutte importen av vin produsert av Israel i bosettinger som FNs sikkerheitsråd har slått fast er ulovlege i samsvar med folkeretten?».

Spørsmålet vart spelt inn av Gunhild Johansen, SV-politikar og medlem i forsamlinga.

– Alkohollova skal ikkje trumfe menneskerettane, seier ho.

Ho legg til:

– Vi må reagere med det vi kan reagere med, og Vinmonopolet må ta sin del av ansvaret.

Les også Israel fortsetter Gaza-angrep etter kjennelse i FN-domstol

Det vart ikkje fatta noko avgjerd på møtet, men Johansen var nøgd med diskusjonen.

Ho spør også etter tydelegare merking av vin som er produsert i israelske busettingar på Vestbreidda og Golanhøgdene.

Gunhild Johansen (SV)

Gunhild Johansen (SV) står bak organisasjonen Krafttak for Gaza, som har samla inn millionar til ein proteseverkstad i Gaza. Ho spør om Vinmonopolet kan vurdere boikott av enkelte vinar.

Foto: Dan Henrik Klaussen / NRK

Busettingane er ulovlege og bryt med folkeretten, ifølge FN.

Sommaren 2022 bestemte regjeringa at varer som er produserte i desse områda skal verte merka tydeleg med opphavsplass.

Merkeordninga gjeld også for varene til Vinmonopolet.

Må kome frå Utanriksdepartementet

Vinmonopolet er statseigd gjennom Helsedepartementet og bunde til vedtaka dei fattar.

Alkohollova slår fast at ein ikkje skal gjere skilnad på leverandørar og produkt på grunnlag av nasjonalitet eller opphavsland.

Les også Israel-boikott har ført til brussjokk i Egypt

Spiro Spathis

Men det har vore unntak.

Då Russland invaderte Ukraina i 2022, trakk Vinmonopolet russiske varer frå hyllene sine. I 1976 boikotta dei sørafrikanske vinar som respons på apartheidregimet.

Vinmonopolet - bilde av en reol med rødvinsflasker. En hånd strekker seg inn fra høyre og henter en flaske ut fra en hylle.

Nye tal som Vårt Land har henta inn, viser at størstedelen av Vinmonopolet sitt sal av israelske vinar i 2023 kom frå busettarvinar.

Foto: Xin Li

KrF-politikar og medlem i bedriftsforsamlinga, Trude Brosvik, poengterer at Vinmonopolet må ha dekning frå Helsedepartementet.

– Vi skal ikkje fatte nokon utanrikspolitiske vedtak. Det er veldig viktig å følge opp merkeordninga slik at alle forbrukarar kan ta informerte val, men alt som går på boikott er det Stortinget og regjeringa som må ta stilling til.

Johansen trekk fram ei anna forplikting:

Vinmonopolet sin eigen strategi for perioden 2022 til 2030. Der står det at Vinmonopolet skal sikre fråvær av alle formar for menneskerettsbrot i leverandørkjeda.

– Vi må kunne seie at folkeretta er viktigare å ta omsyn til enn alkohollova, seier ho

Fagforeiningsleiar vil ha vekk all israelsk vin

Fagforeiningsleiar i Handel og kontor Vinmonopolet (HK), Helge Storvik, ønsker at all israelsk vin vart fjerna frå hyllene.

– No bør leiinga inn og utfordra eigarane våre, sa han til Vårt Land onsdag ettermiddag.

Andre poltilsette er organisert i Akademikerforbundet. Leiar i forbundet, Alf-Ole Berglund, fortel at ein eventuell boikott av busettarvin ikkje har vore eit tema blant deira medlemmar.

ISRAEL-EU/LABELLING A worker places stickers on wine bottles, north of Ramallah

MERKING: All vin som er produsert på israelskokkupert område må merkast med dette. Det er ikkje nok, meiner stemmer i bedriftsforsamlinga og styret til Vinmonopolet.

Foto: BAZ RATNER / Reuters

Auke i import av israelsk vin

Salet av vin frå okkuperte område utgjer berre 0,04 promille av den årlege omsetnaden i Vinmonopolet.

Totalt i 2023 selde Vinmonopolet 3837 liter vin frå israelskokkuperte område på Vestbredden og Golanhøydene og 2036 liter frå Israel.

Til samanlikning vart det selt 370.000 liter raudvin frå nabolandet Libanon.

– Det er altså ikkje nokon stor bevegelse i marknaden. Det hadde vore fint å fjerne produkta som ei symbolsak, men det ugjer ikkje store summar, seier Johansen.

Trude Brosvik

Krf-politikar Trude Brosvik synest det er flott at spørsmålet kan vere oppe til diskusjon, men at det er regjeringa sitt bord.

Foto: Sondre Dalaker