Hopp til innhold

Israel-boikott har ført til brussjokk i Egypt

Kampanjen mot israelske varer får uventa konsekvensar. Ein gamal egyptisk brusprodusent melder no om tidenes etterspurnad.

Spiro Spathis

BRUSANDE SUKSESS: Det egyptiske brusmerket Spiro Spathis har blitt symbolet på korleis internasjonale boikott-forsøk påverkar marknaden i Midtausten.

Foto: Spiro Spathis / reklamebilde

Spiro Spathis, eller berre Spathis som det blir kalla, har du neppe høyrt om før. I mange år har den heller ikkje vore den føretrekte brusen for tørste egyptarar.

Men etter at krigen mellom Hamas og Israel starta for over 50 dagar sidan, har det tatt heilt av for den tradisjonsrike brusprodusenten i Egypt.

– Etterspurnaden har tredobla seg den siste månaden, seier Morcus Talaat, marknadssjefen i selskapet og ein av tre søsken som eig firmaet, til Al Jazeera.

Auken skuldast at folk vel Spiro Spathis i staden for kjende merke som Coca Cola og Pepsi.

Desse merka blir skulda for å støtte den israelske sida i konflikten.

Den siste tida har det auka på med kampanjar i Midt-Austen med oppmoding om å boikotte både israelske varer og vestlege merkevarer som McDonalds, Starbucks og Coca-Cola.

– I Egypt sitt tilfelle så heng veldig nøye saman med sosiale medium.

Det seier leiar i Palestinakomiteen i Noreg, Line Khateeb.

Ho peikar på at det er vanskeleg med frie demonstrasjonar i Egypt, difor blir sosiale medium enda viktigare under slike kampanjar.

Demonstrasjon ved UD

Line Khateeb er leiar for Palestinakomiteen i Noreg.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

Salet tok av

Spathis blei starta i 1920 av ein gresk birøktar som flytta til Egypt og har hatt same status som «Solo» har i Noreg.

Dei siste tiåra har dei ikkje vore i nærleiken av salstoppen. No slit dei brått med å følge etterspurnaden.

Al Jazeera har snakka med Mohammed som driv daglegvareforretning i egyptiske regionen Sharqia.

– Det var alltid nokre få forbrukarar som føretrekte Spiro framfor andre drikker, men ikkje mange, seier butikkeigaren.

Før boikotten skaut fart selde han gjerne fire – fem boksar med Spathis på ei veke.

– No kan eg selje så mange som 50 boksar på ein dag viss eg har så mange på lager, seier han og legg til at auken i etterspurnaden er «gigantisk».

Utenriksminister Espen Barth Eide (Ap)

Utanriksminister Espen Barth Eide ønskjer ingen boikott.

Foto: Mathias Revheim-Rafaelsen / NRK

Fleire får kritikk

Over heile verda har det vore oppmoda til boikott av israelske varer og tenester i mange år. Det same gjeld selskap som investerer i okkuperte område.

Det gjeld blant anna skoprodusenten Puma, som har blitt sterkt kritisert fordi dei sponsar fleire fotballag i dei okkuperte områda.

Line Khateeb i Palestinakomiteen meiner at det dei driv med kan sidestillast med eit krigslovbrot.

Ho slår fast at boikott ikkje er eit mål i seg sjølv, men eit verktøy for dei som vil påverke.

– Boikott skapar merksemd rundt Israel sin ulovlege okkupasjon, seier Khateeb.

Eit anna selskap som har fått mykje kritikk er Pepsi-eigde Sodastream. Dei valde til slutt å flytte produksjonen frå okkuperte område på Vestbredden og inn på israelsk territorium.

Demonstrators carry placards calling for the boycott of pro-Israel products and companies during a protest to show their solidarity with the Palestinian people in Yogyakarta

Over heile verda har det den siste vore demonstrasjonar til støtte for boikott av israelske varer og merkevarer som blir hevda å støtte Israel.

Foto: DEVI RAHMAN / AFP

– Dårleg verkemiddel

Utanriksminister Espen Barth Eide seier at det ikkje er aktuelt for Noreg å støtte ein boikott av israelske varer og tenester.

– Når det gjeld varer produsert på okkupert land, så har vi allereie i Noreg eit system for at dei skal merkast spesielt, seier Eide.

Han meiner at eit fokus på ei tostatsløysing er viktigare enn ein boikott.

Men for nokon har det internasjonale fokuset på boikott altså gitt positive resultat.

– Dei siste vekene har vi fått hundrevis av telefonar frå nye kundar og tilbod frå restaurantar, seier Morcus Talaat hos brusprodusenten Spiro Spathis.

AKTUELT NÅ