Hopp til innhold

Meiner Raudt driv politisk spel om Melkøya: – Det er nok no

Direktør meiner Raudts ønske om omkamp av elektrifiseringa av Melkøya er useriøst. Raudt sjølv meiner det useriøse i saka er vedtaket til regjeringa.

Kjell Giæver, Arctic Energy Partners

– Alle har dei ulike interessene sine knytte til kraftutbygging, og at det er ulike reaksjonar trur eg er heilt naturleg og rett, seier direktør i Arctic Energy Partners, Kjell Giæver

Foto: Arctic Energy Partners

– Ein kan ikkje sitte på Løvebakken og meine at vi skal stoppe industriutvikling og industriarbeidsplassar i nord.

Det meiner Kjell Giæver, direktør i Arctic Energy Partners, som er eit leverandørnettverk for energibransjen i nord.

Måndag la Raudt fram fem forslag for Stortinget for å stanse vidare elektrifisering av gassanlegget Melkøya utanfor Hammerfest.

– Vi kjenner på frustrasjon og litt sinne rundt det. Det er nok politisk spel rundt arbeidsplassar og samfunnsutvikling i Finnmark no, seier Giæver.

Les også Rødt vil stanse videre elektrifisering av Melkøya: – Vi skylder Finnmark det

Gassanlegget på Melkøya ved Hammerfest

– Bør ikkje stoppast

Leverandørindustrien i Nord-Noreg leverte i 2024 petroleumsverdiar på 6,4 milliardar kroner.

2,9 milliardar kom frå anlegget på Melkøya aleine.

– I dei tala ligg det fleire tusen nordlendingar, tromsværingar og finnmarkingar som går på jobb kvar dag, seier Giæver.

Hammerfest LNG

– Vi ser ein stor optimisme i Finnmark knytt til utbygginga av Hammerfest LNG, og ny kraftlinje til Aust-Finnmark, seier Kjell Giæver.

Foto: Allan Klo

At Raudt igjen vil diskutere elektrifiseringa påverkar arbeidsforholda, meiner direktøren.

– Det er ein arbeidsplass, ikkje noko du skrur av og på frå år til år.

– Føreseielegheita til desse prosjekta, som krev investorar, kapital og at nokon tør å satse i nord, blir sette på spel.

Arctic Energy Partners er nettverket mellom samarbeidspartnarar og leverandørindustrien. Ifølge Giæver meiner selskapa det er lite hald i Raudts ønske.

Equinor's inngang til Melkøya

Gjennom denne inngangen blir Equinors tilsette slusa til Melkøya.

Foto: Allan Klo / NRK

– Dette oppfattar vi ikkje som realistisk i det heile. Kontrakten er sett, ein bygger fabrikken og folk går på arbeid kvar dag. Prosjektet er vedtatt og bestemt, seier han og fortset:

– Ein kan ikkje stoppe det, og ein bør ikkje stoppe det. Det er eit bra prosjekt for å bygge samfunnet i nord, og ikkje minst for å kutte utslepp.

Les også Equinor-rapport fann kritiske feil: – Det er alvorleg at sånne ting kan skje

Oskar Simen Schjeldrupsen, nestleder i Energi Industri Equinor

– Tar all krafta

Raudt-politikar Sofie Marhaug seier at partiet er på det reine med at delar av elektrifiseringa ikkje kan reverserast.

– Dette forslaget handlar om den vidare elektrifiseringa. Det handlar om å stoppe vindkraftutbygginga i Finnmark, ta vare på naturen og hindre veldig, veldig høge straumprisar.

en kvinne som smiler til kameraet

– Eg trur ikkje dei klarer å skaffe nok kraft til elektrifiseringa, og det er heller ikkje ønskeleg fordi det vil by på store problem for natur og andre næringar i Finnmark, seier Sofie Marhaug (R).

Foto: Eskil Byrkjeland / NRK

Ifølge Marhaug har elektrifiseringa negative konsekvensar i Nord-Noreg og i Finnmark fylke.

– Elektrifiseringa tar opp all krafta, gjer at andre ikkje kan etablere seg og gir høge straumprisar. Vi meiner at det er heilt rett og rimeleg, i eit demokrati, og ta det opp til diskusjon igjen i Stortinget.

LNG-skip ved Melkøya 14. mars 2009.

– Raudt har eit ønske om at Equinor skal sjå på alternativ til å bruke all krafta i Nord-Noreg på grønvasking, seier Sofie Marhaug (R).

Foto: Allan Klo/NRK

Uttalen for leverandørnettverket om at planen er useriøs, sender Marhaug i retur.

– Det som er useriøst er vedtaket som regjeringa gjorde om å elektrifisere Melkøya, og samtidig skaffe nok erstatningskraft til den elektrifiseringa innan 2030. Det var og er eit urealistisk forslag.

Les også Sametinget anker Melkøya-dommen: – Mener at retten tar feil

Silje Karine Muotka under rettsaken mellom Sametinget og staten om Melkøya

Bekymrar ikkje arbeidarane

Terje Nilsen er leiar i fagforeininga Styrke Equinor Hammerfest. Han trur dei tilsette på Melkøya ikkje bekymrar seg for arbeidsløyse med det første.

– Eg veit ikkje om det er så mange som festar lit til at det vil bli ein reell omkamp. Folk er veldig avventande, og vi ser jo på øya at det går sin gang, seier han.

Terje Nilsen er Industri Energi-tillitsvalgt hos Equinor på Melkøya. Han er bekymret over rekrutteringsproblemene.

– Å lage ny omkamp blir ei tøff sak for Raudt å få til. Men, den som lever får sjå, seier leiar for Styrke Equinor Hammerfest, Terje Nilsen.

Foto: Hanne Larsen / NRK

Nilsen poengterer at dei er vande med medieoppslag rundt arbeidsplassen sin.

– Det er ikkje berre politikken som påverkar Melkøya. Vi har også mange medieoppslag om hendingar, og det er nok av skriveri rundt Melkøya kvar einaste dag. Det er kvardagen vår at det blir skrive og meint mykje.

Les også Arbeidet skulle vært stanset før fallulykke: – Vi har alltid tid til å jobbe sikkert

Gassanlegget på Melkøya ved Hammerfest

Flere nyheter fra Troms og Finnmark

Trondenes leir

Tonnevis av piggtråd fjernet ved Trondenes Leir: – Viktig bidrag til helse

Kristin Mellem

Kvenene krever handling i statsbudsjettet: – Handler om likeverd