– Verdien av denne utstillinga er uvurderleg, seier direktør for Bymuseet, Marianne L. Nielsen.
Fredag kveld vart utstillinga «Legender i gull» opna på Bryggen Museum i Bergen. Næringsminister Monica Mæland stod for den offisielle opninga.
Utstillinga, som er laga av det bulgarske nasjonalmuseet for historie, inneheldt fleire tusen år gamle kulturskattar i reint gull.
– Det er snakk om svimlande summar i pengeverdi, men den kulturhistoriske verdien er endå større. Dette er umistelege gjenstandar, seier Nielsen.
- Les òg:
Har arbeidd med sikkerheita i eit år
Utstillinga opnar berre tre veker etter innbrotet på Universitetsmuseet i Bergen, der rundt 400 vikingskattar vart stolne.
Tjuvane tok seg inn i sjuande etasje via eit stillas, og museet har i ettertid tatt sjølvkritikk for manglande sikring.
– Når noko vert tatt, kan ingen museum etterpå si at gjenstandane var sikra «godt nok». Det var de openbert ikkje, sa fagdirektør Henrik von Achen til NRK etter innbrotet.
På Bryggen måtte ein styrka sikkerheita før museet fekk ta i mot den dyrebare gullutstillinga frå Bulgaria.
Mellom anna er låsesystem og vindauge oppgradert, dører har fått doble låsar og montrane er spesialproduserte.
– Vi har jobba mykje med sikkerheita gjennom det siste året. Vi har gjort alt vi treng, så den skal vere på topp, seier Nielsen.
Undervegs har museet fått tett oppfylging av ekspertar, mellom anna sikringsutvalet frå Kulturdepartementet.
– Vi har fått tommel opp for alt vi har gjort for å sikre museet. Eg søv så godt eg kan om natta med tanke på sikkerheita, seier Nilsen.
- Les òg:
– Stor ærefrykt
Laurdag opnar gullutstillinga for publikum. Den vert ståande til 10. desember.
– Eg håpar publikum strøymer til for å sjå desse fantastiske skattane, seier Nilsen.
NRK var med då utstillingsobjekta vart pakka opp for ei dryg veke sidan.
– Det er med stor ærefrykt vi tek i mot dette, her er så mykje fantastisk. Gjenstandane har detaljar og handverk som eg tvilar på at dagens gullsmedar kunne fått til, sa konservator Anne Bjørke.
- Les òg:
Direktøren meiner utstillinga er viktig.
– Det betyr mykje å stille ut europeisk kulturhistorie på verdsarvstaden Bryggen, seier Nilsen.