Hopp til innhold

Reagerer kraftig på at Vegvesenet ikkje vil prioritere å fikse «Noregs verste veg»

Fylkesordførar stiller seg uforståande til at Vegvesenet vil byggje ferjefri E39 langs kysten framfor å rassikre «dødsvegen» mellom Bergen og Voss.

Illustrasjon av Hordfast

KJEM BEST UT: Hordfast-prosjektet, her illustrert med brua over Bjørnafjorden, kjem høgt på prioriteringslista til fagetatane.

Illustrasjon: AMC

– Det er ei altfor lita satsing på prioriteringar i landsdelen vår. Eg hadde håpa at transportetatane var mykje nærare samfunnsdebatten og folkeviljen, seier fylkesordføraren i Vestland, Jon Askeland (Sp).

Han er skuffa etter at Statens vegvesen onsdag leverte innspela sine til prioriteringar i Nasjonal transportplan (NTP).

Askeland meiner prioriteringane visar at Vestlandet no står ovanfor ein tøff politisk kamp.

Ny E16 andreprioritet

For i anbefalinga frå Statens vegvesen er det Hordfast-prosjektet på E39 som tronar høgt over alle, uansett kor mykje pengar dei skulle frå Staten.

Den ferjefrie vegen mellom Os og Stord ligg an til oppstart allereie i første periode, 2022-2027, sjølv i alternativet med lågast ramme.

Ny E16 mellom Bergen og Voss (strekninga Arna-Stanghelle) er berre med i alternativet med mest løyvingar, og då med oppstart først i andre periode (2028-2033).

Denne vegen fekk den tvilsame æra av å hamne på topp i kåringa av Noregs verste veg i 2018.

Satsing på E39 nord for Bergen blir heller ikkje prioritert frå Vegvesenet.

Jon Askeland, Senterpartiet

SKUFFA FYLKESORDFØRAR: Jon Askeland er ikkje imponert over det han skildrar som dårleg draghjelp frå fagetatane: – Eg er særleg overraska over manglande satsing i tidlegare Sogn og Fjordane

Foto: Artur do Carmo / NRK

– Statsministeren lova rask framdrift

– For tre år attende sto både statsminister og samferdselsminister på Arna stasjon og lova rask framdrift og oppstart på den veldig viktige bindinga mellom aust og vest. Her må det eit betydeleg politisk arbeid til for å få det inn igjen, seier fylkesordføraren.

Askeland meiner prioriteringa av ferjefritt samband mellom Bergen og Stavanger harmonerer dårleg med det enorme behovet for rassikring lenger nord i fylket.

– Det viser at transportetatane ikkje legg nok vekt på heilskaplege behovet i fylket vårt. Me har store rasutfordringar over alt, og folk krev at ein prioriterer liv og helse, men det finn me veldig lite igjen i innspela frå fagetatane.

Erna Solberg og Knut Arild Hareide på Arna stasjon

– LOVA RASK FRAMDRIFT: Noverande samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF) og statsminister Erna Solberg på Arna stasjon i februar 2017.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Følling: – Ikkje uventa

Fylkesordføraren etterlyser også meir midlar til den nordlege delen av fylket.

Der får han ikkje uventa full støtte frå leiar i Nasjonal rassikringsgruppe og tidlegare fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling (Sp), som tidlegare har etterlyst at ein flyttar vegmidlar frå Austlandet til rassikring på Vestlandet.

– Det er både skuffande og alvorleg at vegetatane ikkje har med nokon prioriteringar på E39 nord for Bergen og i gamle Sogn og Fjordane, seier ho.

– Men det er kanskje ikkje uventa når ein nyttar kriteriet for kva som er mest samfunnsøkonomisk lønsamt.

Følling etterlyser mellom anna å sjå parsellen forbi Vadheim, punktvis utbetring mellom Byrkjelo og Sandane og rassikring i Våtedalen blant tiltaka.

– E39 er det prosjektet Sogn og Fjordane har prioritert høgast, med ønskje om å få ein god transportkorridor mellom nord og sør. Det er skuffande at prosjekt som har vore inne er ute, og ingen nye er inne, seier Følling.

Ras ved Stanghelle E16

RAS: I 2013 vart opninga på Stanghelletunnelen på E16 knust av ras. På denne staden aleine har vegen blitt stengd fleire gongar.

Foto: Karl Martin Valestrand

Etterlyser draghjelp

NTP skal etter planen landast gjennom eit vedtak i regjering og storting våren 2021.

– I sum kan ein seie at landsdelen vår får veldig lite draghjelp frå fagetatane, seier Følling.

I første periode, sjølv med låg kostnadsramme, finn ein likevel fleire prosjekt på stamvegen riksveg 5 mellom Indre Sogn og Ytre Sunnfjord:

  • Skredsikring mellom Erdal og Naustdal
  • Utbetring mellom Fjærlandstunnelen og Lundebotn
  • Tiltak i Markegata i Florø.

Sikring på strekningane riksveg 13 Byrkjeneset mellom Odda og Tyssedal og riksveg 13 Vinje – Myrkdalstunnelen i Voss er også nemnt.

Jenny Følling

FRUSTRERT: Tidlegare fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling (Sp) er no leiar i Nasjonal rassikringsgruppe.

Foto: Fredrik Johan Helland / NRK

Glad for rassikring på riksveg 5

– Det er heldigvis full rassikring mellom Florø og Førde, som er svært etterlengta. Stad skipstunnel ser ut til å vere ute om ein landar på den låge kostnadsramma, slik eg les innspelet frå Kystdirektoratet. Det same kan ein seie om hevinga av ubåten utanfor Fedje, seier Askeland.