Hopp til innhold

Sterke reaksjonar på skeivfordelinga av vaksinar: – Rammar heile regionen og gjer oss meir sårbare

Byrådsleiaren i Bergen er bekymra over at nabokommunane mister dosar. I Larvik har dei aldri registrert så mange smitta som i dag. No må dei gje frå seg vaksinar.

 Pressekonferanse om nye koronatiltak i Bergen. Beate Husa og Roger Valhammer spriter hendene

BEKYMRA: Byrådsleiar i Bergen Roger Valhammer (Ap) er bekymra for at alle nabokommunane må gje frå seg vaksinedosar. Kommunen har tidvis slite med høgt smittetrykk. – Me er ein stor, samla region kor folk bur, jobbar og flyttar seg mykje på tvers.

Foto: Marit Hommedal / NTB

Onsdag kveld fortalde helseminister Bent Høie (H) at dei følgjer FHI si anbefaling i fordelinga av vaksinedosar. 24 kommunar på Austlandet får om lag 60 prosent fleire dosar enn dei opphavleg skulle hatt.

23 kommunar får behalda sin del, deriblant Kristiansand, Bergen, Trondheim og Tønsberg.

Resten av Kommune-Noreg får færre dosar. 309 kommunar får dermed ein andel førstedosar som er om lag ein tredel av det dei eigentleg skulle ha fått.

Regjeringa sin konklusjon vekker harme fleire stader i landet.

Sandnes-ordfører Stanley Wirak

SKUFFA: Sandnes-ordførar Stanley Wirak meiner hans innbyggarane må betala for at andre skal få koma lenger fram i køen.

Foto: Heiko Junge / NTB

– Slag i trynet

– Når regjeringa først vel geografisk skeivfordeling meiner eg det er gode grunnar til at Bergen burde fått fleire vaksinar, seier byrådsleiar Roger Valhammer (Ap) i Bergen.

– Me er veldig, veldig skuffa. Dette var nesten som eit slag i trynet. Dette trong me ikkje seier Stanley Wirak (Ap) i Sandes kommune.

Same dag som Larvik registrerer det høgaste smittatalet gjennom pandemien, har regjeringa bestemt at kommunen må gi frå seg vaksinedosar.

Ordførar Erik Bringedal (H) gjekk onsdag kveld rett i beredskapsmøte med kommuneleiinga.

– Eg synes det er ei ulogisk og feil avgjerd.

Torgallmenningen, 17. mai i Bergen sentrum

FESTSTEMT: Bergen kommune fryktar på nytt ein auke i smittetrykket etter at store folkemassar samla seg i sentrum 17. mai.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

– Gjer regionen meir sårbar

Dei utvalde 24 kommunane får ein auke i mengd dosar på 60 prosent fram til alle over 18 år har fått tilbod om vaksine.

Skeivfordelinga vil vare i opptil sju veker.

– Den viktigaste grunnen til at regjeringa går inn for ei omfordeling, er at det aukar moglegheita for at me saman kan opna opp samfunnet litt raskare. Det vil koma alle til gode, sa helse- og omsorgsminister Bent Høie (H).

Det er ikkje Valhammer i Bergen samd i.

Bergen kommune har i lang tid hatt forsterka smitteverntiltak for å slå ned høge smittetal. Etter sydenstemning i gatene 17. mai, med folk tett i tett i sentrumsgatene, fryktar kommunen på nytt ein smittevekst.

Men sjølv om Bergen står på den såkalla nøytrale lista, må alle nabokommunane i bergensregionen gje frå seg vaksinedosar.

Det bekymrar byrådsleiaren.

– Me er ein stor, samla region kor folk bur, jobbar og flyttar seg mykje på tvers. Det er dermed ikkje gitt at det er rett at våre nabokommunar skal få færre vaksinar. Det rammar både kommunane, det rammar Bergen og det gjer oss meir sårbare som region, meiner Valhammer.

– Me må betala for at andre skal koma fram

Sandnes-ordførar Stanley Wirak (Ap) trekk fram same problemstilling som partikollegaen i Bergen.

Tysdag sende Wirak og dei tre andre ordførarane på Nord-Jæren brev til statsminister Erna Solberg om fordelinga av vaksinar. Dei meiner det er viktig at kommunane Stavanger, Sandnes, Randaberg og Sola blir sett under eitt.

No må alle kommunar i Rogaland, utanom Stavanger, gi frå seg vaksinedosar.

– Vi har opptredd som ein samla region i meir enn eitt år, og gjort dei rette tinga. No når regjeringa kan visa lojalitet tilbake, så splitter dei oss opp og behandlar oss forskjellig.

– Me må betala for at andre skal koma seg lenger fram i køen, meiner Wirak.

Rune Høiseth

OVERRASKA: Varaordførar Rune Høiseth (Ap) i Larvik kommune.

Foto: Vegard Lilleås / NRK

Høgaste smittetrykk – mister vaksinar

I Larvik er talet på smitta personar onsdag oppe i 34. Ifølge Østlands-Posten var det ein auke på 12 samanlikna med den førre dagsrekorden frå tysdag og sist laurdag.

Same dag som kommunen registrerer det høgaste smittetalet gjennom pandemien, må dei altså gje frå seg vaksinedosar.

Etter regjeringa si fordeling kom, gjekk kommuneleiinga og ordførar rett i beredskapsmøte.

Ordførar Erik Bringedal (H) er skuffa over regjeringa si omfordeling av vaksinedoser.

– Akkurat no har me ein smittesituasjon som er høgare enn me nokon gong har hatt. Viss ein brukar statistikk frå 8, 9 og 10 veker tilbake i tid, slik FHI har gjort, så blir det feil, seier Bringedal og illustrerer.

– Når ein køyrer bil, så sit ein ikkje og ser i spegelen.

Tom Georg Indrevik

SKUFFA: Øygarden-ordførar Tom Georg Indrevik (H).

Foto: Marit Hommedal / NTB

Ut mot eiga regjering

Dei store vaksineleveransane i tida framover gjer at tempoet i vaksinasjonen vil auka i alle kommunar, påpeikte Høie.

– Vaksineringen vil ikkje stoppa opp nokon stad. Men den kjem til å skje raskare i dei prioriterte kommunane, sa helseministeren.

Kommuneoverlegar over heile landet har gått saman og ytra bekymring for den venta auka vaksineringa i juni og juli. Blant dei er Tom Georg Indrevik (H), ordførar i Øygarden.

Han gjekk på førehand ut og åtvara mot den strategien hans regjering onsdag kveld landa på.

– Me er skuffa. Eg hadde både forventa og håpa at dei ville lytta til innspela me kom med. Dette blir krevjande både for tilsette og innbyggarar. No må me starta planlegginga av den endringa som no kjem.

– Eg meiner framleis at ulempene er større ein dei små fordelane ein får med denne strategien, seier Indrevik.