Hopp til innhold

Øygarden vil skrote vaksinestrategi

Øygarden kommune er kritiske til forslaget om ei geografisk omfordeling av koronavaksinene. Kommunen vest for Bergen er av dei som vil måtte gi frå seg vaksinar. I ei pressemelding skriv Øygarden-ordføraren (bildet) at den nye strategien vil gi store konsekvensar for dei, og kommunen ber om at forslaget blir skrota. – Redusert mengde i mai og juni gjer at vi får eit stort etterslep som må takast att i juli og august. Vi vil få store problem med å gjennomføre vaksinasjonen som for vår del må utførast i ferietida, seier Tom Georg Indrevik (H).

Vaksinasjon av helsearbeidere i Øygarden kommune.
Foto: Marit Hommedal / NTB