Denne veka har det vore eit stort fokus på å rydde Noreg for plast og søppel. NRK inviterte til ryddedugnad torsdag og i dag er det den årlege Strandryddedagen.
Talet på personar som har meldt seg til ryddeaksjonar denne veka har passert 100.000, skriv NTB.
Hovudarrangementet for strandaksjonen i dag var i Haugesund, der klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) opna aksjonen. Også statsminister Erna Solberg var med å rydde strender i dag.
I Meland i Nordhordland bretta Solberg opp ermene og plukka både plast og skapdører opp frå sjøen ved Fløksand-stranda.
– Det er hyggeleg å kome ut i frisk luft og sjå på det fantastiske engasjementet. Det er også flott å sjå at det er barn og unge som leiar an, seier Solberg til NRK.
Internasjonalt samarbeid
Saman med fleire lokal eldsjeler fann statsministeren nok av søppel i den vesle vika i Nordhordland.
Spesielt vart det funne mykje plast frå båttau og sprøyter. Solberg var også med på å finne døra til eit pengeskap.
Statsministeren seier det viktigaste ho jobbar med er å skapa internasjonalt samarbeid for å få bukt med forsøplinga.
– Dette er ein liten av bit av eit stort verdsomfattande problem. Vi er nøydde til å ha dugnadar og rydde strendene våre, men det viktigaste vi kan gjera er å skapa ein internasjonal allianse for å sørge for at hava våre ikkje blir forsøpla, seier Solberg.
Ho seier Noreg har vist initiativ i dette arbeidet med å gi bistandsmidlar til fond gjennom Verdsbanken.
– Vi må jobbe der kjeldene til forsøpling er størst og få fleire med. Her i Noreg må vi få næringslivet til å sørge for mindre emballasjebruk og ha gode innsamlingssystem, avsluttar Solberg.
Henta opp bilvrak
Strandryddedagen har blitt arrangert årleg sidan 2011 og fleire deltek kvart år. Under hovudarrangementet i Haugesund i dag vart det henta opp både bil og båtvrak frå Smedasundet midt i byen.
Miljøminister Ola Elvestuen (V) meiner det monnar å rydde og seier Noreg er på rett veg.
– Der det ikkje er rydda, kan vi finne nesten ein meter med søppel i djupna. Det norske folk har vakna, erkjent problemet og er villig til å ta tak i det. Vi må halde dette engasjementet og motivasjonen oppe, samstundes som vi må få dei politiske avgjerdene på plass, seier han til NTB.
- Les også:
- Les også:
- Les kommentar: – Vi trenger en politisk dugnad