Hopp til innhold

Statnett oppjusterer beredskapen til gult nivå

Statnett endra kraftsituasjonen frå normal til stram for dei tre sørlegaste prisområda i Noreg.

Kraftlinjer

GULT NIVÅ: Statnett ber kraftprodusentar spare på vatnet.

Foto: Rune Fossum / NRK

Oppjusteringa skuldast i hovudsak: Lite vatn i vassmagasina, lite snø i fjellet i delar av Sør-Noreg og at det kan bli ein kald og tørr vinter.

I tillegg er det og ein risiko for at Europa si evne til å eksportere kraft kan verte påverka dersom krigen og konflikten med Russland eskalerer ytterlegare, og det vert rasjonering på gass i Europa.

Peer Olav Østli

VARSEL: Per Olav Østli er konserndirektør for IKT i Statnett.

Foto: Statnett

– Faren for at vi ikkje får importere kraft, kombinert med lite nedbør fram mot vinteren kan sette oss i ein situasjon kor vi er avhengige av import, seier Per Olav Østli, som er konserndirektør i Statnett.

Situasjonen er no så spesiell at NRK tidlegare denne veka kunne fortelje at den omstridde «Eksportkabelen» til Storbritannia tvert i mot har importert straum kvar dag i tre veker.

Les også Den omstridde «eksportkabelen» har importert straum i heile mai

FILE PHOTO: Workers lay a NordLink subsea interconnector power cable to connect Norway and Germany at the Vollesfjord fjord near Flekkefjord

«Stor uvisse i dei europeiske energimarknadene kan påverke forsyningstryggleiken for kraft i Noreg. Statnett følgjer situasjonen tett og varslar at forsyningssituasjonen kan bli anstrengt i enkelte situasjonar opp mot og gjennom vinteren 2023», skriv Statnett i ei melding tysdag.

Viser kor sårbare vi er

Vi må nesten håpe på mykje nedbør gjennom sommaren og så bør regjeringa revurdere eksportstrategien. Det seier Kjell Ingolf Ropstad (KrF) som sit i Energi- og miljøkomiteen på Stortinget.

Tidligere barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad under Arendalsuka 2021.

HÅPAR PÅ VÅT SOMMAR: Kjell Ingolf Ropstad sit i Energi- og miljøkomiteen på Stortinget for KrF.

Foto: Jon Anders Møllen / NRK

Han meiner dette syner kor sårbare Noreg er når ein har eksportert for fullt sjølv om vassmagasina har vore på eit lågt nivå over lang tid-

Full trykk på eksport de neste månadene også vil kunne bli kritisk til vinteren.

I Raudt meiner Sofie Marhaug, som er 2. nestleiar i energi- og miljøkomiteen på Stortinget, at varselet tyder på at vi denne våren har spelt russisk rulett med forsyningssikkerheita.

Vi har eksportert over evne i periodar med høg pris, sjølv om magasinnivåa har vore låge seier Marhaug.

Tidlegare i vår sa fleirtalet på Stortinget nei til å strype straumeksporten til utlandet i periodar med lite vatn.

Ber kraftprodusentane spare på vatnet

– Vi oppfordrar no om at ein disponerer vatnet framover slik at vi ikkje er avhengige av import, med den spesielle situasjonen vi er i i Europa no, seier Østli.

I ein stram situasjon (gult) har kraftsystemet ifølge Statnett avgrensa evne til å handtere ein periode med lite tilsig til magasina eller langvarige feil. Sjansane for rasjonering av straum blir vurdert til under 20 prosent.

Les også Slik vil Europa kome seg ut av gassgrepet til Russland

Europa kan bli mindre avhengig av russisk fossilgass

– Det er fleire hakk igjen på skalaen før Statnett ser fare for rasjonering. Det er også for tidleg å seie noko om kva priser vi kan vente til hausten, seier kraftanalytikar Tor Reier Lilleholt i Volue Insight til E24.

I Distriktsenergi, som er ein interesseorganisasjonen for kraftselskap meiner dagleg leiar Knut Lockert at varselet frå Statnett syner at dei følger situasjonen nøye framover.

Dette kombinert med NVEs oppfølging i førre veke der produsentane vart minna sitt ansvar for å disponere vatn slik at det til ei kvar tid kan levera kraft, syner at der god dialog mellom dei sentrale aktørane på dette området.