Hopp til innhold

Den omstridde «eksportkabelen» har importert straum i heile mai

«Eksportkabelen» til Storbritannia har importert straum kvar dag i tre veker. – Det er framleis ein eksportkabel, svarer Frp.

FILE PHOTO: Workers lay a NordLink subsea interconnector power cable to connect Norway and Germany at the Vollesfjord fjord near Flekkefjord

DEBATT: Arbeidarar jobbar med å legge ned NordLink-kabalen til Tyskland i 2018. I lag med «Englandskabelen» har han skapt hissig debatt i Noreg.

Foto: Lefteris Karagiannopoulos / Reuters

Dette får fram eit viktig poeng med alle kablane våre, nemleg at dei kan sende straum begge vegar, seier Aslak Øverås i Energi Noreg.

Av alle mellomlandsforbindingar har ingen vore meir omstridde enn den såkalla «englandskabelen», som kom i drift i oktober.

«North Sea Link», som han formelt heiter, er den lengste undersjøiske straumkabelen i verda.

I vinter melde Klassekampen at 97 prosent av kraftflyten gjennom kabelen er eksport, og i desember varsla finansminister Trygve Slagsvold Vedum at han vil «gravleggje» den planlagde kabelen mellom Noreg (Eidfjord i Hardanger) og Skottland (NorthConnect).

Bakgrunnen var høge straumprisar, låg magasinfylling og uro om norsk kraftforsyning.

I mars vekte det difor reaksjonar då straumkabelen mellom Noreg og Storbritannia for fyrste gong eksporterte på full kapasitet (1.400 MW).

– Det heng ikkje på greip at Noreg skal eksportere endå meir kraft til utlandet, sa energipolitisk talsperson i Framstegspartiet, Terje Halleland.

Bildet er fra leggingen av North Sea Link på britisk side av Nordsjøen.

BRITISK SIDE: Den såkalla «englandskabelen», mellom Suldal i Rogaland og Blyth i England, kom i drift i oktober.

Foto: Christer Gilje / Statnett

Vil truleg skje oftare

No er det teikn til at meir av straumen flyt andre vegen. Kvar dag i mai har det gått meir straum til Noreg enn frå Noreg på den omstridde kabelen.

Det viser at kabelen er ein del av forsyningstryggleiken til Noreg og at han vil bidra til at vi kan spare på vatnet i magasina i periodar, seier Robert Kippe i Norsk vindkraftforeining (Norwea).

Ved utgangen av veke 19 var fyllingsgrada i norske magasin 23,2 prosent. Det er ein god del lågare enn den «vanlege verdien» på denne tida av året, som er 37,5 prosent.

Storbritannia satsar stort på vindkraft, så i framtida vil det truleg skje oftare at vi har veker med nettoimport av energi gjennom englandskabelen, trur Kippe.

Innan 2030 er det venta at Storbritannia vil bli nettoeksportør av straum om lag halve året (53 prosent). Det viser ein ny rapport som er omtalt i The Times.

North Sea Link

KAN ENDRAST: I konsesjonen for englandskabelen står det at vilkåra kan endrast om «allmenne omsyn gjer dette nødvendig».

Foto: Statnett

Dette vil bli ein vanlegare situasjon

Billig havvind i Storbritannia bidreg no til å sikre kraft til norske forbrukarar, og det er bra. Dette vil bli vanlegare, sjølv om det framleis vil vere meir vanleg med eksport den næraste tida, seier kommunikasjonsdirektør i Statnett, Henrik Glette.

Prisdifferansen mellom Sør-Noreg og England gir Statnett såkalla flaskehalsinntekter. Desse vert delte med National Grid, som er partnaren til Statnett på engelsk side.

Sigrun Gjerløw Aasland er dagleg leiar i miljøstiftinga Zero.

Vi går mot kraftunderskot i Noreg, medan Storbritannia byggjer ut enorme mengder med havvind. Det er neppe siste gong krafta flyt i vår retning, seier ho.

Ein rapport frå Statnett viser at det norske kraftoverskotet vil vere ete opp innan 2026.

«Sidan forbruksveksten er høgast i sør, får Sør-Noreg eit kraftunderskot i 2026», heiter det i rapporten. I dag er kraftoverskotet i Noreg på rundt 15 TWh.

Onsdag melde Danmark, Tyskland, Nederland og Belgia at dei vil samarbeide om å tidoble havvind-kapasiteten i Nordsjøen til minst 150 gigawatt innan 2050.

– Dersom vi skal hauste all vind i Nordsjøen, blir vi nøydde til å gjere det i fellesskap, forklarte Danmarks statsminister Mette Frederiksen.

Mette Frederiksen

VIL TIDOBLE: Onsdag melde Danmark, Tyskland, Nederland og Belgia at dei vil samarbeide om å tidoble havvind-kapasiteten i Nordsjøen.

Foto: MADS CLAUS RASMUSSEN / AFP

Ein tilnærma rein eksportkabel

At det unntaksvis har vore ei veke med nettoimport endrar ikkje det faktumet at vi her har å gjere med ein tilnærma rein eksportkabel, seier Terje Halleland i Frp.

Det var Tord Lien (Frp) som var olje- og energiminister då englandskabelen fekk klarsignal i 2014. Frp-leiar Sylvi Listhaug har sidan sagt at partiet ville vurdert det annleis om dei visste korleis den europeiske kraftmarknaden ville utvikle seg.

Sofie Marhaug (Raudt) i Energi- og miljøkomiteen har vore ein skarp kritikar av «englandskabelen».

Før jul fremja ho forslag om å strype straumeksporten til utlandet i periodar med lite vatn. Forslaga var oppe til votering i Stortinget i april, men vart nedstemde.

Tre veker med import endrar ikkje på det vesentlege, seier ho:

Det kan dessverre tyde på at magasina våre er tømde gjennom heile vinteren, og at vi no er nøydde til å betale for det. Det er folk i Sør-Noreg som blir dei store taparane.