Hopp til innhold

Tar opp kampen mot trakassering

Ferjemannskap blir påkøyrd med vilje og skjelt ut av bilistar. No tar Statens vegvesen grep.

Ferjebillettørar på Oppedal

TRAKASSERING: Statens vegvesen seier at dei ofte får tilbakemeldingar om at ferjepersonell opplever hets. No ønsker dei å gjere noko med saka.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Ein ny sommar står for døra, og 19 år gamle Simon-Emiil Bergstrøm skal snart tilbake til sommarjobben som kaibillettør på Sognefjorden.

I fjor opplevde han nesten dagleg hets og trakassering, og fekk skulda for både første og andre verdskrig.

– Eg blei litt handlingslamma. Eg visste ikkje kva eg skulle gjere, og eg fekk heller ikkje moglegheit til å svare før kunden hadde gått sin veg, fortalde Bergstrøm i fjor sommar.

Simon-Emiil Bergstrøm Waage

Kaibillettør Simon-Emiil Bergstrøm har fått skulda for både første og andre verdskrig. Han ønsker Statens vegvesen sin kampanje velkommen.

Foto: Privat

Trakassering og påkøyrslar er vanleg kost for mange som jobbar på ferjene, ifølge Statens vegvesen.

Men no tar dei grep.

Før sommarrushet set inn på vegane for fullt, har Statens vegvesen sett seg nøydd til å lage ein kampanje for å få bukt med trakassering og ufin oppførsel mot ferjemannskap.

– Intensjonen med kampanjen er å fremme bevisstheit rundt eigen trafikantåtferd når ein reiser med ferje, seier Solveig Skogseth-Braathen på ferjeavdelinga i Statens vegvesen.

Vegvesenet tar nye verkemiddel i bruk for å få bilistar til å skjerpa seg.

Blir utskjelte og påkøyrde

Skogseth-Braathen fortel at ferjemannskapet dagleg opplever trakassering og mindre hyggelege hendingar på jobb.

– Det gjelder både utskjelling, at ferjemannskap har blitt køyrd på, og at traffikanter ikkje følger anvisningar frå ferjepersonell.

Fleire av hendingane har vore så alvorlege at dei har blitt melde til politiet.

Skogseth-Braathen seier at Statens vegvesen ser alvorleg på hendingane.

Ferjemannskapet er med på å få oss trygt i hamn og dei skal sjølvsagt vere trygge på jobb.

Filmen frå Vegvesenet skal bli vist i sosiale medium og på tv-skjermar på ferjesamband i sommar.

Fjord1-ferje ved Fodnes

Fjord 1-ferje ved Fodnes

Foto: Anna Gytri / NRK

Ferjevettreglane

Statens vegvesen sin kampanje kjem berre to månadar etter at Fjord1 rulla ut Ferjevettreglane.

I forkant av påskeutfarta lanserte dei ti reglar for korleis du skal oppføre deg på ferja.

Norled bestemte seg for å la reglane rulle over skjermane om bord på sine ferjer.

– Eg er positiv til alle tiltak som kan gjere arbeidsdagen vår lettare og meir behageleg, sa hovudtillitsvald Ilja Vasiljev i Norled til NRK i vår.

Ferjebilletør

Simon-Emiil Bergstrøm er klar for ein ny sommar på ferjekaia.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Håpar det blir betre

Kaibillettør Bergstrøm ønsker både Statens vegvesen sin kampanjefilm og ferjevettreglane velkomne.

Eg har trua på at å belyse temaet slik som dei har gjort no kan hjelp, seier han.

Han håpar det blir mindre trakassering på jobb i år.

Eg har eit håp om at han kjem til å bli betre sidan det har vore såp mykje snakk om det, men eg er og førebudd på det verste.