Hopp til innhold

Bygging av ny bybane­trasè kan bli utsett i fem nye år

Statens vegvesen anbefaler regjeringa å venta med utbygging av Bybanen til 2035.

Bybanen i Bergen

FORSINKA: Bybanen skal etter planen kome seg til Åsane, men no kan han bli enno litt meir forsinka.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Det blir sjeldan ro rundt bybanen i Bergen.

Samstundes som dei politiske partia i byen diskuterer omkamp om banen til Åsane, har eit nytt skjær i sjøen dukka opp for bybaneforkjemparane.

Tysdag denne veka gav Statens vegvesen si anbefaling om kva for nokre vegprosjekt regjeringa bør fokusera på dei neste åra.

Der skriv dei at Bybanen til Åsane må utsettast til tidlegast 2032, men mest sannsynleg 2035. Derfor kan det ta heile 12 år før det første spadetaket blir tatt i prosjektet.

Det var BT som omtala saka først.

Kjell Inge Davik, Statens vegvesen

Kjell Inge Davik er utbyggingsdirektør i Statens vegvesen og seier dei gir sine anbefalingar basert på dei økonomiske rammene dei får frå regjeringa.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Pengar er problemet

Utbyggingsdirektør i Statens vegvesen, Kjell Inge Davik, seier anbefalingane er gitt innanfor dei økonomiske rammene sett av samferdsledepartementet.

– Om me kunne prioritert heilt fritt utan økonomiske rammer hadde me sjølvsagt prioritert fleire prosjekt, men me må halda oss innanfor ei økonomisk ramme, seier han.

I mars i år anbefalte dei byggestart i 2030. Men no er pengesekken enno mindre.

Direktøren forklarar at det er vanskeleg å prioritera nokre andre prosjekt enn dei som allereie er godt i gang.

– Sånn som situasjonen er no er dei økonomiske rammene svært stramme. Då må me prioritera hardt.

Davik understrekar at det er opp til politikarane å bestemma kva for nokre prosjekt som faktisk skal prioriterast i Nasjonal transportplan, som blir lagt fram våren 2024.

Jon Askeland, fylkesordførar i Vestland

Fylkesordførar i Vestland, Jon Askeland, er ikkje uroa for Bybanen til Åsane, sjølv om Vegvesenet har anbefalt å utsetta byggestart.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid

Jobbar for oppstart i 2025

Etter at bystyret i Bergen vart einige om bybane til Åsane tok Vestland fylke over ansvaret for prosjektet.

Fylkesordførar Jon Askeland seier til Bergens Tidende at dei framleis jobbar mot planlagt oppstart i 2025.

Han skal møta samferdsleminister Jon-Ivar Nygård (Ap) i Oslo i november for å blant anna diskutera bana.

– Det er ikkje Vegvesenet aleine som bestem dette. Dei gir berre si faglege anbefaling. Resten er politikk, seier fylkesordføraren til avisa.

Thor-Haakon Bakke på MDGs valvake i Bergen. NRKVALG23

Thor Haakon Bakke i Bergen MDG meiner Statens vegvesen aldri kjem til å prioritera Bybanen til Åsane.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Leiar i Bergen MDG, Thor Haakon Bakke er ikkje overraska over Vegvesenet sine anbefalingar.

– Dette er det minst overraskande i heile verda. Statens vegvesen har aldri prioritert Bybanen og det kjem dei aldri til å gjere heller, seier Thor Haakon Bakke i Bergen MDG.

Han meiner det viktigaste no er at bystyret, fylkestinget og regjeringa jobbar saman for å få prioritert bybana i NTP.

Les også Livleg demonstrasjon for Bybanen: – Vi er fleirtalet. Bygg den banen!

Marianne Aanerud i "Bergens Mødre" under demonstrasjon for Bybanen langs Bryggen