Hopp til innhold

Staten har inga oversikt over kor mange som har fjernarbeid

Staten vil flytte arbeidsplassar ut i distrikta. Men har ikkje noko mål på kor godt dei lukkast.

Staten har inga oversikt over kor mange som har fjernarbeid

NULL OVERSIKT: Flytting av arbeidsplassar skal gje «distriktspolitisk vinst». Men staten har inga oversikt over kor mange det dreier seg om.

Foto: Pexels

Regjeringa har ikkje oversikt over talet på tilsette i staten med fast arbeidsstad utanfor ordinær kontorstad.

Det skriv kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) i eit skriftleg svar til Stortinget.

Vi har heller ikkje oversikt over kor mange stadsuavhengige stillingar i staten som har vorte kunngjort, legg han til.

Til NRK seier han at det er Solberg-regjeringa si unnlatingssynd som gjer at eit måleinstrument ikkje er på plass.

Utgangspunktet er at staten har instruert alle underliggande etatar om å gjere greie for mogelegheitene for fjernarbeid («remote work»).

Dersom verksemda ikkje får opp talet, må ho forklare kvifor i årsrapporten.

Sigbjørn Gjelsvik

– Vi har ikkje oversikt over kor mange stadsuavhengige stillingar i staten som har vorte kunngjort, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

Foto: Kristoffer Steffensen Lenes / NRK

Regjeringa er fullstendig bakpå

Bakom satsinga på fjernjobbing ligg to forhold:

  • Ein pandemi som kasta om på vante førestillingar om «jobb», «heim» og «arbeidsstad», og som gav nordmenn eit krasjkurs i «teams» og digital møtekultur.
  • Utgreiinga til «Demografiutvalet», som roper varsku om dei demografiske utfordringane i distrikts-Noreg.

Då Nærings- og fiskeridepartementet lyste ut to stadsuavhengige stillingar i 2021, vart det omtalt som «historisk».

Initiativet kom på oppmoding frå stortingsrepresentant Alfred Bjørlo (V), som den gongen var Stad-ordførar.

To år seinare reagerer han på at staten enno ikkje har verktøy for å måle korleis det står til med satsinga.

Det finst rett og slett inga oversikt! Det er ganske oppsiktsvekkande og viser at regjeringa er fullstendig bakpå, seier han.

Før påske leverte Venstre eit forslag til Stortinget der dei skriv at «minst ein tredel av stillingane i staten bør vere stadsuavhengig innan utgangen av 2025.»

Alfred Bjørlo

– Dette viser at regjeringa er fullstendig bakpå, seier stortingsrepresentant for Venstre, Alfred Bjørlo.

Foto: Javad Parsa / NTB

Kathe Arnesen er prosjektleiar i Rekrutteringsforum Sunnfjord, som tek mål av seg til å bli «eit norsk sentrum for fjernjobbarar».

Det siste året har ho vore i kontakt med «cirka 30» personar som har snust på moglegheita for å bli ein del av den nye «hub-en».

– Det kan sjå ut til at regjeringa har sove litt i timen, seier ho.

Ho viser til at regjeringa i fjor gjorde forsøk på å kartleggje kva som finst av kontorfellesskap i distrikta, men at resultatet enno ikkje er klart.

Anders Månum eig Nes Gard i Luster, som samarbeider med Remote Noreg om å spreie evangeliet om fjernjobbing.

– Fokus bør vere på å leggje til rette for fjernjobbing, seier han.

– Å ha tal og statistikk på alt vil krevje administrasjon og ta mykje tid, utan at det underbyggjer formålet.

Kathe Arnesen

– Om vi ønskjer å leggje til rette for at statleg tilsette skal kunne bu og leve kvar dei vil, må det systematisk arbeid til. Vi ser at det er stor mobilitet i arbeidslivet og at det fungerer godt med fjernjobbing. Kvifor skal ikkje statleg tilsette ha den same moglegheita som privat tilsette? spør Kathe Arnesen.

Foto: Sunnfjord Utvikling

Ny rapport om effektane av flytting

Spørsmål om lokalisering og utflytting av statlege arbeidsplassar har historisk vore eit brennbart tema.

Sist i Bergen der fiskeridirektør Frank Bakke-Jensen ga regjeringa grønt lys til å vrake samlokaliseringa av Havforskingsinstituttet og Fiskeridirektoratet.

Les også Regjeringen må svare for muntlig melding om å vrake prestisjesatsing i Bergen

Dokken

Eit argument for fleire stadsuavhengige stillingar er at du kvitterer vekk den geografiske komponenten og slik tek luven av vonde kampar om lokalisering.

I 2018 vart Norec (tidlegare Fredskorpset) «tvangsflytta» frå Oslo til Førde.

Vedtaket vart møtt med motstand blant tilsette som reagerte med «sjokk og vantru» på at kompetansemiljøet som over tid var bygd opp i Oslo vart «riven ned».

Førde sentrum sett frå lufta

Norec (tidlegare Fredskorpset) vart flytta frå Oslo til Førde (bilete) i 2018. Ny rapport seier det gjekk bra.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Fem år seinare er Menon Economics klare med ein rapport om effektane av flyttinga.

I rapporten konkluderer dei med:

  • Norec leverer betre på samfunnsoppdraget etter etableringa i Førde
  • Brukarane er nøgde
  • Dialogen med Utanriksdepartementet er betre
  • Det er ikkje eit problem å rekruttere kompetent arbeidskraft. Norec har hatt 1100 søkjarar på 46 kunngjorde stillingar sidan 2018.

– Vi er veldig glade for å få eit eksternt blikk på verksemda, og at vi skårar så godt, seier Norec-direktør Jan Olav Baarøy.

Konkurransetilsynet, Kystverket, Luftfartstilsynet, Medietilsynet og Post- og teletilsynet er andre verksemder som er flytta ut av hovudstaden dei siste åra.

Bjørlo karakteriserer den nye Menon-rapporten som «superinteressant».

Desse opplysningane viser til fulle at det er mogleg å få mykje meir fart på utflyttinga av statlege arbeidsplassar frå hovudstaden, utan at det går på bekosting av kvalitet på tenestene eller rekrutteringa.

Les også Guro (29) bor 1.336 km unna arbeidsplassen – Regjeringen vil ha flere som henne

Guro Stenhammer Aanerød