Hopp til innhold

Staten blar opp millionar for å erstatte klimaverstingar

Hurtigbåtane vert kalla «miljøsvin» og «klimaverstingar». No tek staten grep.

Hurtigbåt på sambandet Bodø-Svolvær. Boreal

VERSTING: Miljødirektoratet gir 50 millionar kroner til Vestland for å redusere utslepp av klimagassar frå hurtigbåtar. Dei aktuelle sambanda (Bergen-Flåm; Bergen-Nordfjord) er to av Noregs største målt i energiforbruk.

Foto: Synnøve Sundby Fallmyr / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Hurtigbåtane er viktige for ferdsel i Noreg, men fossile hurtigbåtar har svært høge utslepp, faktisk høgare per passasjerkilometer enn fly, seier klima- og miljøminister Espen Barth Eide (Ap).

Torsdag braut det ut spontan applaus i Fylkestinget i Vestland då det vart klart at staten sponsar to hurtigbåtsamband i fylket med 50 millionar kroner.

Pengane er ein del av Hurtigbåtprogrammet, som skal gi draghjelp i arbeidet med å redusere utslepp frå hurtigbåtar.

I dag er store delar av den dieseltunge ferjeflåten erstatta med el-ferjer.

Men for den største klimaverstingen – hurtigbåtane – har historia vore ein annan.

I dag er det rundt 200 hurtigbåtar i drift i Noreg, som ureinar ni gonger meir enn personbilar og fire gonger meir enn fly for kvar transportkilometer.

Likevel har hurtigbåt-revolusjonen late vente på seg, trass politiske forsett og vyar.

Årets julegave

For å nå klimamåla må det kuttast utslepp i alle sektorar på land og på vatn, seier direktør for Miljødirektoratet, Ellen Hambro.

For å få fart på omstillinga er det oppretta ei eiga tilskotsordning for hurtigbåtar under Klimasats-ordninga til Miljødirektoratet.

CO₂ i atmosfæren målt i deler per million partikler (ppm)
Kilde:
Gå til NRKs Klimastatus

Det er frå dette Hurtigbåtprogrammet at Vestland har fått det fylkesordførar Jon Askeland (Sp) omtaler som «årets julegåve».

Han legg til at 50 millionar understrekar «dei forretningsmessig moglegheitene i det grøne skiftet», og at nullutsleppsløysingar for hurtigbåtar no er innan rekkjevidd.

No håpar eg vi går frå ord til handling, og bestiller nye båtar, seier han.

Fylkesvaraordførar Natalia Golis og Fylkesordførar Jon Askeland i Vestland er glade for støtte til å gå over til klimavennlege hurtigbåtar.

GLADE: Fylkesvaraordførar Natalia Golis (MDG) og fylkesordførar Jon Askeland (Sp) var eit stor smil over meldinga om at staten løyver 50 millionar til utsleppsfrie hurtigbåtar i Vestland.

Foto: Bård Siem / NRK

Dei to sambanda det blir søkt om har berekna CO2-utslepp som svarer til 10.000 personbilar drivne med fossilt drivstoff.

Staten sa i fjor nei til å sponse Vestland med ladepunkt for hurtigbåtar fordi fylket «la lista for lågt».

Den opphavlege ambisjonen var nullutslepps-snøggbåtar med hydrogen som drivstoff, men kravet vart droppa etter råd frå fylkesrådmannen, som meinte risikoen var for stor.

Klima- og miljøminister Espen Barth Eide på COP27, klimatoppmøtet i Sharm el-Sheikh, Egypt.

Potensialet for utsleppskutt for hurtigbåtar vart estimert til rundt ein halv million tonn CO₂ fram mot 2030, i rapporten Klimakur 2030. På bilete: klima- og miljøminister Espen Barth Eide.

Foto: Truls Alnes Antonsen / NRK

Kan vere på sjøen i løpet av 2026

Miljødirektoratet reknar at dei nye utsleppsfrie båtane kan vere på vatnet i løpet av 2026.

– Vi håpar å sjå ambisiøse tilbod frå operatørane, seier miljødirektøren.

I Hurdalsplattforma varslar regjeringa krav om låg- og nullutslepp i nye anbod for hurtigbåtar i 2025, og at dei vil kompensere fylkeskommunane for meirkostnader ved å velje låg- og nullutsleppsteknologi ved anskaffingar av ferjer og hurtigbåtar,

Med årets tildeling har Miljødirektoratet delt ut i overkant av 290 millionar kroner til fylka for å jobbe fram låg- og nullutsleppsløysingar for hurtigbåtar.

Flying Foil

I presentasjonen står det: Flying foil med partnerne Brødrene Aa, NTNU og Westcon utvikler et av verdens mest avanserte foildesign for å kutte energiforbruket og bedre stabiliteten til hurtigbåtene.

Illustrasjon - hurtigbåt, Selfa m.fl.

I presentasjonen står det: Selfa med sine partnere Norled, Servogear, Hyon og LMG Marin vil revolusjonere hurtigbåtmarkedet og tenker helt nytt på alle punkter. Helt nytt skrog, nye foiler, lavt energiforbruk og en ny reiseopplevelse er stikkord.

Brødrene Aa

I presentasjonen står det: Brødrene Aa med partnerne Westcon og Boreal forsøker, med utgangspunkt i det beste innen katamaranskrog, å gjøre konvensjonelle hurtigbåter utslippsfrie.

Transportutvikling

I presentasjonen står det: Transportutvikling med Siv.ing. Ola Lilloe-Olsen, Stadt Towing tank, Profjord, Siemens og FosenNamsos Sjø på laget ser på mulighetene når konvensjonelt drivstoff byttes ut med nye energibærere.

Rødne

I presentasjonen står det: Med sine partnere Fjellstrand, Bleie Consult og Echandia Marine, vil Rødne skape et konsept som er like enkelt som det er genial. Skulle de lykkes vil de potensielt ha skapt en teknologi som gjør at man må tenke helt nytt.

Rapporten Klimakur 2030 seier det er mogleg å kutte ein halv million tonn CO₂ fram mot 2030 på hurtigbåtrutene.

Om den politiske viljen og dei finansielle musklane er der.

Les også Staten vil ikkje sponse fylket med ladepunkt for hurtigbåtar

Hurtigbåt på sambandet Bodø-Svolvær. Boreal

Ein halv million tonn CO₂ svarer til gevinsten med å byte ut 250.000 fossilbilar med elbilar.

Dette er den beste julegåva vi kunne fått, seier Natalia Golis, som representerer MDG på fylkestinget i Vestland.

Ho viser til at folk langs kysten ønskjer å bruke sjøvegen på miljøvennlig vis, men at dei fyrste stega i klimaomstillinga er dei dyraste.

Det kostar å vere i front. No skal vi jobbe vidare for at hurtigbåtar kan bli ein miljøvinnar og ikkje ein miljøversting.