Starta med siger - men berre så vidt nykomlingane fekk lov å spele

(FØRDE – RANDABERG 3-1): Førde tok alle tre poenga i serieopninga mykje takka vere nykomlingane Blazej Kubiak og Marcin Lubiejwskij. Men så seint som fredag kveld såg det mørkt ut for den polske duoen.

Førde slo Randaberg 3-1 i seriestarten i volleyball

VIDEO: Glimt frå kampen mellom Førde og Randaberg. Foto og redigering: Alf Vidar Snæland

– Det var i tolvte time at vi fekk klarsignal om at dei kunne spele kampen, seier Førde-leiar Sindre Roska til NRK.no.

Førde styrkte stallen sin med oppleggjaren Kubiak og diagonalen Lubiejwskij ikkje lenge før seriestarten i eliteserien i volleyball.

Men: Heilt inntil fredag kveld var det ingen av dei som hadde papira frå det internasjonale forbundet i orden. Ergo kunne dei heller ikkje spele den viktige kampen mot gullutfordrar Randaberg.

Først klokka halv åtte fredag kveld kom klarsignal etter intens jobbing frå Førde si side.

– Det var veldig viktig for oss at dei fekk vere med frå start og få kamptrening før kampane i europaligaen og nordic league seinare i haust, understrekar Sindre Roska.

(Artikkelen held fram under videoen)

Føre vann 3-1 over Randaberg i seriestarten i eliteserien i volleyball. Her er siste ballvekslinga.

SLIK VANN DEI: Førde jubla for siger i seriestarten – her er den siste ballvekslinga og jubelscenene etterpå. Foto: Rune Fossum

Håpar å vinne titlar med Førde

Leiaren kunne saman med resten av Førde sjå at heimelaget fekk ein vanskeleg start på kampen i Førdehuset. For dei første tre setta var ruskete, og det var med naud og neppe at Førde halte i land det første.

Først i delar av fjerde sett spelte Førde som ein gullkandidat.

Kampen enda 3-1, med settsiffera 26-24, 26-28, 25–18 og 25–20.

– Det vart litt stress i starten. Men etter det gjekk det betre og betre, seier Blazej Kubiak.

Oppleggjaren slo inn seks poeng. Lubiejwskij enda på fem angrepspoeng frå sin diagonalplass. Han starta kampen, men vart etter kvart erstatta av Geir Eithun.

– Eg håpar vi kan bidra med noko, slik at Førde kan vinne titlar denne sesongen, seier Kubiak.

(Artikkelen held fram under biletet)

Lars Fredrik Tvinde (t.v.), Blazej Kubiak og Frank Kalstad på Førde volleyball

VIKTIGE: Lars Fredrik Tvinde (t.v.) vart toppscorar for Førde. Blazej Kubiak debuterte som oppleggjar for trenar Frank Kalstad sine menn.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Kan ikkje halde på slik

I kampen mot Randaberg var det likevel lokale spelarar som stod for det meste av underhaldninga. Lars Fredrik Tvinde slo inn 19 poeng – eitt poeng meir enn Mathias Loftesnes.

– Polakkane våre er nok framleis litt rustne, det er ei stund sidan dei har vore på ei volleyballbane. Marcin var snikkar på Hønefoss då vi oppdaga han – Blazej jobba som møbelsnikkar på Sunnmøre, seier Roska.

Trenar Frank Kalstad er letta over at Førde fekk med seg alle poenga mot eit så godt lag som Randaberg.

– Det var viktig å gå gjennom denne kampen utan å tape poeng, seier han.

– På det beste var det kjempebra, på det verste var det dårleg. Og slik kan vi ikkje halde på. Vi må få stabiliteten på plass, seier Kalstad.

Lars Magnus Kaasa spelte ein god kamp for Førde

GOD KAMP: Lars Magnus Kaasa hadde ein god kamp som midt for Førde.

Foto: Rune Fossum / NRK