Kvalen er no i Nederland for å spela U23-EM i sandvolleyball, men i juni var han i Polen for å sjå på forholda.
– Eg trente litt med dei, og dei sa eg var god nok. Då bestemte dei seg for å gi meg kontrakt. Ting gjekk veldig fort, og det kom litt rett på, seier Kvalen.
– Eg kan leve av det, volleyball blir fulltidsjobben i Polen, smiler han
Vil spele Meisterliga
Laget er frå byen Olsztyn, som ligg nordaust i Polen.
– Det er ikkje blant dei sterkaste klubbane, men satsar hovudsakleg på unge spelarar. Det passar meg veldig bra.
– Eg har hatt eit brennande ønske om å prøva meg i utlandet ei stund. Eg vil spele Meisterligaen, og spele på dei beste klubblaga i verda, so dette er ein kanonstart.
Førde-tenar Frank Kalstad tykkjer det er trist å mista oppleggjaren sin, men samstundes seier han at Kvalen fortener sjansen.
Spanande for han
–TRIST Å MISTE HAN: Førde-trenar Frank Kalstad tykkjer det er trist i miste Jonas Kvalen.
Foto: Rune Fossum / NRK– Det er veldig spanande at ein norsk spelar for prøva seg i polsk eliteserie. Polen er jo ein verdsnasjon i volleyball. Etter det eg har høyrt so ville klubben skriva kontrakt allereie etter fyrste trening, so dei er nok nøgde med han.
Når 20-åringen reiser frå Førde, betyr det at det vil bli ein ledig oppleggarplass på laget. Men den er allereie fylt. Av ein polakk.
– Eg fiksa han plass på laget i Førde, og han hjelpte meg med å nå dei rette kontaktane i Polen. Eg skaffa han klubb og han skaffa meg klubb; eg trur ikkje det skjer so veldig ofte, smiler Kvalen.
– Ein av dei beste i eliteserien
Blazje Kubiak heiter den polske oppleggjaren. Han er 26 år gamal, og tek med seg sambuaren til Norge. Ho er også volleyballspelar, og skal spela på damelaget til Førde.
– Som oppleggjar kan han fylla plassen til Kvalen. Han er kanskje ikkje so rå i blokkarbeidet, men elles like god, om ikkje betre. Han blir ein av dei beste oppleggjarane i eliteserien.
Kubiak har spelt profesjonelt, men har det siste halve året budd i Norge og ikkje spelt særleg mykje. Men Kalstad gler seg til han er klar til å spela i midten av august.
– Han har rutine og gode taktiske ferdigheiter. Dette blir veldig god erstattar, seier Kalstad.
Kubiak er bror til Polen sin landslagsoppleggar Michal Kubiak.
– Han kjem til å gjere det bra i Førde. Alle partar er godt nøgde, og har prøvd å fikse kvarandre so gode tilbod som mogleg, seier Jonas Kvalen.