Laget trenar og spelar kampar i heimbyen til oppleggaren Blazej Kubiak, og det er faren hans som har lagt til rette for opphaldet. Trenar Frank Kalstad seier dette er er ei intens veke som kjem rett i bakkant av at laget var med i Vestcup i Stavanger.
– Til saman blir dette ni dagar med fullt fokus på volleyball fram til vi reiser heim søndag. Vi trenar i rundt fem timar kvar dag, medrekna kampar mot gamlelaget til Kubiak.
- LES OGSÅ:
– Svært verdfull matching
Det var kamp mot dette laget i går. Det enda med tap for Førde, i kveld er det eit nytt oppgjer. Fredag og laurdag kjem eit anna polsk topplag som Førde VBK får bryne seg mot. Kalstad seier denne matchinga er svært verdfull.
– Laga her har eit heilt anna trøkk i serve enn norske lag. Vi får veldig god trening på å stå i mottak. Det kan kome godt med når serien tek til.
(Artikkelen held fram under biletet).
INTENS VEKE I POLEN: Trenar Frank Kalstad.
Foto: Rune Fossum / NRKTap mot Nyborg i turnering
I Vestcup fekk Førde ein liten peikepinn på kvar dei står i forhold til seriemeister Nyborg. Dei to laga møttest i finalen. Etter at Førde tok dei to første setta vart det Nyborg som igjen drog det lengste strået. Bergenslaget vann 3-2.
– Det vart tungt for oss mot slutten. Vi var gjennom 17 sett i helga, og vi brukte fleire av dei unge spelarane våre. Mellom anna spela 17-åringen Sondre Igelkjøn begge kampane søndag.
På treningsleiren i Polen får laget og jobba med detaljar og med å få struktur i spelet sitt. Med mange kampar og treningar på rad får spelarane tid til å terpe på detaljane i forkant og etterkant.
Tid til å gjere noko anna enn å trene, spele kampar, ete og sove blir det ikkje mykje av.
– Nokre av spelarane var ute for å ete i går kveld, men elles blir det berre å kvile mellom øktene, for med så mange og lange treningsøkter og kampar er det stort behov for å slappe av innimellom.
– Målet er å vinne serien
Frank Kalstad trur det blir svært jamnt mellom Førde og Nyborg også i år.
– Eg sa nettopp til spelarane at i fjor var det to sett det stod på i begge turneringane, så det var små marginar. Vår målsetting i år er sjølvsagt å vinne serien.
I tillegg til Nyborg trur Kalstad at Randaberg blir sterkare i år. I Vestcup vann Førde 3-2 over Randaberg. I tillegg kan Koll og Tromsø bli lag å rekne med.