– Han vil styrke oss veldig. Han er ein habil blokkspelar, og han er også solid i angrep. I tillegg har han rutine. Han blir viktig for oss, seier trenar Frank Kalstad til NRK.no.
Det er ein tydeleg nøgd trenar som fortel om den siste tilveksten til Førde sitt eliteserielag i volleyball framfor seriestarten mot Randaberg på søndag.
- LES OGSÅ:
For etter at
, har Førde hatt eit problem på diagonalen.(Artikkelen held fram under videoen)
SJÅ VIDEO: Møt giganten Marcin Lubiejwski. (Video: Alf Vidar Snæland)
I tolvte time har klubben endeleg funne ein habil erstattar: Polske Marcin Lubiejwski er heile 2,07 på strømpelesten, og vil nok på mange måtar prege eliteserien denne sesongen. Han er truleg den høgste spelaren av alle.
Gler seg til å spele for Førde
Lubiejwski har lang røynsle som spelar i den øvste divisjonen i Polen – ein av dei beste seriane i Europa. Han har også bakgrunn frå Tyrkia og Hellas.
Sjølv synest han det er stas å få prøve seg i Norge.
– Eg gler meg veldig til å få komme i gang med sesongen saman med Førde, seier giganten.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Har henta inn to polakkar
Kalstad håpar den polske diagonalspelaren blir ein viktig brikke på laget. Der blir han den andre polakken saman med oppleggjaren Blazje Kubiak.
– Kor gjennomtenkt er det å ha to utlendingar på laget med tanke på rekruttering og å gje eigne unge spelarar sjansen?
– Det vil alltid vere ein debatt, for ein kan alltids pøse på med rimelege spelarar frå utlandet. Men no hadde vi stort behov for ein diagonal – og samstundes er det jo eit pluss for dei unge spelarane å ha ein god mann å bryne seg på, seier Kalstad.
(Artikkelen held fram under biletet)
GULLKANDIDATAR: Frank Kalstad og Førde bur seg på ein ny sesong i eliteserien. Håpet er å hente heim gullet.
Foto: Rune Fossum / NRKHar mange på rundt to meter
Marcin Lubiejwski tilfører Førde stor rekkevidde. Frå før har laget fleire «to-metringar» i Lars Magnus Kaasa (1.99), Torgeir Dalen (2.00) og Geir Eithun (2.01).
– Kva betyr det å ha ein mann på 2.07?
GIGANT: Marcin Lubiejwski (t.h.) i samtale med Lars Fredrik Tvinde.
Foto: Alf Vidar Snæland– Det betyr veldig mykje. Men han bidreg først og fremst med rutine. Han har allereie gjort at blokka vår er raskare på plass, og han tilfører stor tryggleik, seier Kalstad.
- LES OGSÅ:
Vil gjerne hente heim gull i år
Førde sesongdebuterer med heimekamp mot Randaberg på søndag. Rogalendingane er venta å kunne kjempe mellom dei tre beste laga.
For Førde handlar mykje om å vinne ein tittel – etter at fjorårssesongen enda utan siger i nokon av turneringane laget deltok i.
– Vi skal vere med og kjempe om siger i cup, serie og nordisk liga, seier Kalstad.
FULL GUTSING: Førde VBK satsar på flying start på sesongen når Randaberg kjem til Førdehuset søndag.
Foto: Alf Vidar Snæland