Hopp til innhold

Førdespelarane lurt av nervane

Det gjekk ikkje Førde Volleyballklubb sin veg i dag under cupfinalen mot erkerival Nyborg.

Førde har tapt. Nyborg jublar.

TAPTE: Førde må sjå Nyborg juble over cupgullet i Domus Athletica.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Førde starta forrykande og vann første settet, men bergenslaget drog i land dei tre neste. Settsifra blei 25-22,23-25, 14-25 og 18-25.

– Dette er forferdeleg skuffande. Spesielt når det er Nyborg. Dette er ikkje gøy, seier kampens mest verdifulle spelar med 21 poeng, Mathias Loftesnes.

Svikta i mottak

Førde fekk ein dårleg start på førstesetten då Geir Eithun starta med miss på serve. Deretter kom Førde kraftig tilbake og dominerte til langt ut i andre sett.

Så gjekk det trått. Både Loftesnes og trenar Frank Kalstad trekkjer fram upresise mottak. Førde klarde aldri å finne attende til presset og spelet frå første sett.

– Mottaka blir for dårlege, slik at legga blir for høge. Då får Nyborg allverdas tid med å sette blokka. Vi gjer det lett for dei, seier Loftesnes skuffa.

Lurt av nervane

– Vi er ikkje vanlegvis så dårlege på mottaka. Eg trur det går på konsentrasjonen. Vi blir for passive og for feige. Eg trur nervane spelte inn, legg han til.

På tribunen sat 400 blåkledde og heia fram Førde, med trommer, kostyme, sang og plakatar. Men Førde makta aldri hente heim sitt tredje - og andre strake - cupmeisterskap. I staden vart det sølv nummer to.

– Det var jamt, men vi har prestert betre. I dag fortener vi ikkje å vinne, resignerer Loftesnes.

– Slepp radikalt

Trenar Kalstad var tydeleg skuffa etter tapet. Som hovudtrenar har han no sikra klubben eit nordisk meisterskap og både gull og sølv i Norgesmeisterskapen.

Medan Førde-jentene vann sølvet , tapte herrane gullet.

– Vi kom for å vinne og eg er skuffa over at vi slepp så radikalt etter første sett. For då, og i store delar av andre sett, rysta vi mottaket. Eg såg det på dei, seier han og trekkjer spesielt fram servane til Jonas Kvalen og Loftesnes. I tillegg til hoppservane til Geir Eithun.

– Burde satsa på Tvinde

– I andre sett trudde eg vi hadde god kontroll, men så set vi ikkje Nyborg i vanskelege situasjonar. Vi gjer dårlege mottak og Nyborg får sett opp feite blokker heile vegen. Då er det vanskeleg å ta dei, seier han.

– Eg er skuffa over at vi ikkje klarer å komme attende i kampen, held han fram og vedgår at trenarteamet oversåg eit våpen som tydeleg burde vore nytta meir: Lars Fredrik Tvinde.

– I etterpåklokskapens namn, så skulle han fått fleire legg. Han har det med å plassere ballen lurt. Vi burde oppfatta dette og gitt beskjed om det, legg han til.

Går for seriegull

Med sølv i cupen, gir det bensin på bålet i kampen om seriegullet. Førde er førebels i førarsetet, med Nyborg halsande bak.

Allereie i mars møtes dei to erkerivalane att i serien.

– No satsar vi knallhardt på seriegull. Vi kan ikkje gå tomhendt frå denne sesongen, seier han.