Hopp til innhold

Stappfulle lasteterminalar: Aldri før har vi fått tilsendt så mange pakkar

SKEI (NRK): Korona, Black Week og tidleg julehandel gjer at det aldri har vore fleire pakkar i posten. Det gir postkontora i butikk mykje å henge fingrane i.

Postnord terminal på Skei.

HEKTISK: Det er hektisk på postterminalar for tida, som her på PostNord-terminalen på Skei.

Foto: Seline Larsen / NRK

– Eg merkar at det er fleire pakkar enn normalt. Det blir hektisk, men det er kjekt når vi får det til, seier Roger Lindstrøm.

Han er sjåfør for PostNord, der dei står midt i den travlaste tida.

På terminalen deira på Skei i Sunnfjord fortel distriktssjef Jan Arve Strand at dei har hatt ei auke i volum på 70 prosent frå ein normal dag.

– Her hos oss er det full fart, seier Strand.

PostNord i dag har om lag 300.000 pakkar i omløp, ifølgje han.

Postnord sin terminal på Skei.

PAKKAR: Her blir pakkane sortert og plassert i lastebilar, før dei vert sende ut til kundar.

Foto: Seline Larsen / NRK

2 millionar pakkar

Konkurrenten i Posten Noreg har hatt ei auke på 42 prosent på netthandelpakkar i år, og tidlegare i haust tilsette dei 600 nye for å førebu seg til Black Friday og jul.

Sist veke leverte Posten 2 millionar pakkar over heile landet, og denne veka vil Black Friday- og Cyber Monday-effekten slå inn.

– Den siste tida har aukinga eskalert. Nokon dagar har den vore på over hundre prosent, seier pressesjef i Posten Kenneth Tjønndal Pettersen i ei pressemelding.

For første gang handterer konsernet over ein halv million pakker dagleg i Norden.

Pressesjef i Posten Norge, Kenneth Tjønndal Pettersen.

Pressesjef i Posten Noreg Kenneth Tjønndal Pettersen.

Foto: ROLF PETTER OLAISEN / NRK

Får beskjed om å hente pakkar tidleg

– Det er mykje å henge fingrane i, seier butikksjef ved Coop Mega i Førde, Anders Kleiveland.

Han «anbefaler på det sterkaste» at folk henta pakkane sine med ein gong dei får hentemeldinga.

– Vi får fleire konteinarar med pakkar frå både PostNord og Posten kvar dag. Her blir fort fullt, men folk er flinke til å hente pakkane raskt, seier han.

PostNord og Posten anbefaler det same som butikksjefen, og sender ut melding til kundar om at dei bidrar til ein god jul med å hente pakken raskt.

I meldinga står der også at du bør komme innom butikk eller postkontor tidleg på morgonen eller seint på kvelden.

Vivi Hope er ein av dei som følgde råda og kom i butikken om morgonen for å hente pakken sin.

– Eg syns det er bra at vi får slike meldinga om det bidrar til å spreie folk. Det er av alle si interesse at ikkje alle er her på same tid, seier ho.

Vivi Hope hentar pakke på posten

BLACK WEEK: Vivi Hope henta pakken ho bestilte på Black Week.

Foto: Sunniva Grimstad Hestenes / NRK

Øydelagde pakkar

Statistikken til Posten viser at ein halv promille av pakkane blir skada under transport.

Av dei 2 millionar pakkane som vart levert sist veke, vil det seie at om lag 1000 av dei vert skada.

– Dersom uhellet skjer og pakkar vert skada, får kundane erstatning etter dei føresetnadar som gjeld det pakkeproduktet som er sendt, seier Pettersen.

Likevel seier Pettersen av pakkekøyret den siste tida ikkje har ført til noko auking av øydelagde pakkar.