Hopp til innhold

Spontandemonstrasjon i Nordfjord

Sjukehustilsette og aksjonistar gjekk onsdag til spontandemonstrasjon utanfor Nordfjord sjukehus.

Spontandemonstrasjon ved Nordfjord sjukehus

REAKSJON: Tilsette og bygdefolk støtta opp om overlege Henrik Berg ved å møte opp til ein spontandemontrasjon.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Årsaka var at overlege Henrik Berg vart kalla inn på teppet av Helse Førde fordi han kjem med kritikk av helseføretaket i media.

Kampklare kollegaer og bygdefolk stilte seg opp utanfor sjukehuset med plakatar.

– Vi synst det er dårleg gjort at dei går til angrep på tilsette fordi dei går ut og forsvarar sjukehuset og talar pasientane si sak, seier Hilde Henriksen som var ein av demonstrantane.

Mange ville støtte kollegaen sin

Overleve Henrik Berg har fronta Nordfjord sjukehus fleire gonger. Nyleg vart han kalla inn på teppet fordi han gjentekne gonger har kritisert Helse Førde i media og fordi han er med i Helsefaggruppa i Nordfjord.

Reaksjonen ved lokalsjukehuset har vore at 157 tilsette har skrive under på ei støtteerklæring til Henrik Berg.

Då Berg skulle møte representantar frå Helse Førde onsdag venta vel 60 personar utanfor lokalsjukehuset. Over halvparten av demonstrantane var tilsette som ville støtte kollegaen sin.

– Han er blitt kalla inn fordi har uttalt seg kritisk til det som har skjedd her, fortalde sjukepleiar Siv Nord Olsen til dei frammøte.

(Artikkelen held fram under biletet)

Spontandemonstrasjon ved Nordfjord sjukehus, Jan Eide, sjukehusaksjonist

PROTESTERER: Sjukehusaksjonist Jan Eide var ein av dei som møtte opp.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Frykta Berg skulle få sparken

For å unngå demonstrantane bestemte Helse Førde leiinga seg i siste liten for å flytte møtet med overlege Henrik Berg vekk frå Nordfjord sjukehus. Bak lukka dører gjekk Henrik Berg i møte med avdelingssjef Tringe Vingsnes og to andre representantar frå Helse Førde.

Sjukehusforkjempar Janne Endal Andersson hadde også møtt opp på spontandemonstrasjonen.

– Dette er eit utruleg godt eksempel på kor destruktiv denne prosessen har vore. På korleis tilsette blir trakasserte av leiinga. At det skal gå an i Norge i dag, det er heilt utruleg, seier Janne Endal Andersson.

Ho fryktar Helse Førde vil kvitte seg med ein brysam medarbeidar

Henrik Berg

FEKK IKKJE SPARKEN: Henrik Berg fekk verken munnkorg eller sparken under møtet med Helse Førde onsdag.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– Det er eg ikkje i tvil om.

– Men har ikkje Berg gått over streken når han kritiserer eit helseføretak han er tilsett i?

– Eg synst det er ein plikt å kritiserer når ein meiner noko er kritikkverdig, seier Endal Andersson.

Fekk ikkje munnkorg

Men dei mange som fryktar at overlegen skal miste jobben fekk feil. Berg seier situasjonen er ubehageleg men at han verken har fått munnkorg eller sparken.

– Eg har ikkje blitt pålagd munnkorg. Vi gjekk gjennom sakene på ein ryddig måte, og det var vel det som kom ut av det, seier Berg til NRK.

Representantane frå Helse Førde ville ikkje la seg intervjue av NRK og seier dette er ei personalsak.