Fryktar legeflukt frå sjukehuset

Overlege ved Nordfjord sjukehus trur at mange legar kjem til å søkje vekk frå Eid.

Nordfjord sjukehus

LEGAR VIL VEKK: Ovelege Henrik Berg trur det blir legeflukt ved lokalsjukehuset.

Foto: Ottar Starheim / NRK

– Dersom det ikkje skal vere anestesilege ved sjukehuset, kjem brorparten legane til å seie opp stillingane sine, seier overlege Henrik Berg.

Regjeringa og Helse Førde ønskjer å fjerne anestesiberedskapen ved Nordfjord sjukehus når fødeavdeling og ortopedi forsvinn i 2012.

Samstundes meiner legeforeningen at lokalsjukehus utan anestesi er fagleg uhaldbart. Berg viser til at tre overlegane alt har sagt opp.

– Fire andre legar fylgjer etter dersom helsedepartementet og helse Førde-styret ikkje tek til vit, seier Berg til Fjordabladet.

Han meiner det ikkje berre vil vere alvorleg for sjukehuset på Eid, men for heile spesialisthelsetenesta i Sogn og Fjordane.

– Helse Førde har ikkje kapasitet til å ta seg av alle pasientane, seier han.