Hopp til innhold

«Vert behandla som annanrangs tilsette av Jon Bolstad»

Ordførarkandidat i Eid, Alfred Bjørlo, meiner at legane på Nordfjord sjukehus vert handsama som annanrangs tilsette av administrerande direktør Jon Bolstad.

Alfred Bjørlo

- SJOKKERANDE: Ordførarkandidat Alfred Bjørlo meiner at ei samla fagmiljø raknar.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Alle ordførarane i Nordfjord var inviterte til sjukehusmøtet på Nordfjordeid onsdag kveld, men berre Roger B. Silden frå Vågsøy og sitjande varaordførar i Eid, Kjell Magne Åshammar, møtte fram.

– Mitt inntrykk er at det er ein enorm jobb att å gjere. Eit samla fagmiljø held på å rakne fordi at det som er av flinke fagfolk no rett og slett held på å forsvinne, fordi dei er leie av Helse Førde og leie av å bli behandla som annanrangs tilsette av direktør Jon Bolstad. Det er ganske sjokkerande å høyre, meiner Bjørlo.

Vil ikkje kommentere om dei har tillit

Bengt Arne Georen

INVITERTE IKKJE ALLE: Kommunelege i Vågsøy, Bengt Arne Georen, opna møtet på Nordfjordeid med å fortelje at ikkje alle media i Sogn og Fjordane var invitert på pressemøtet.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK
Bjørn Myklebust

ORIENTERTE: Siviløkonom Bjørn Myklebust og resten av den nystarta Medisinsk faggruppe i Nordfjord, orienterte han presse og tilhøyrarar på eit møte på Nordfjordeid.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK
Mats Petterson

Mats Petterson (i midten) meiner at heile fagmiljøet på Nordfjordei vert øydelagt gjennom vedtaket om å leggje ned ortopedien. Her saman med anestesisjukepleiar Siv Nor Olsen og ortoped Rune Muri.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK
Henrik Berg

FRYKTAR FOR LIV OG HELSE: Spesialist Henrik Berg seier liv kjem til å gå tapt om ikkje akuttberedskapen blir oppretthalden.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

På direkte spørsmål frå NRK nekta faggruppa å svare på om dei framleis har tillit til administrerande direktør i Helse Førde, Jon Bolstad.

– Vi er ei medisinsk faggruppe, så det spørsmålet overlet vi til politikarane, konkluderte kommunelege i Vågsøy og medlem i faggruppa, Bengt Arne Goeren.

Siviløkonom Bjørn Myklebust la under møtet fram det faggruppa meiner er naudsynt informasjon om situasjonen ved Nordfjord sjukehus.

– Må ut av fylket

Han hevda mellom anna at sjukehusvedtaket om nedlegging av ortopedien fører til at om lag 400 pasientar årleg vil måtte opererast utanfor fylket.

– Det står ingen andre sjukehus klare til å ta desse pasientane. Bergen manglar kapasitet, kanskje ein må til Oslo eller Trondheim. Kikholsortopedane reiser ut av fylket og ut av landet når ortopedien ved Nordfjord sjukehus vert lagt ned. Dei kjem gjerne attende dersom vedtaket vert gjort om, samt at leiing og leiarstil i helseføretaket vert forbetra, slo Myklebust fast.

Ingen vil vere att

Lege Mats Petterson hevdar at ingen av ortopedane ved Nordfjord sjukehus vil halde fram i Helse Førde, dersom ortopedien på Nordfjordeid vert lagt ned.

– Dersom dei gjer alvor av å leggja ned ortopedien, så vil ingen av oss som er ortopedar her vera med vidare. Ingen av oss kjem til å flytte til Førde, sa Petterson under sjukehusmøtet på Nordfjordeid onsdag kveld.

Spesialist i indremedisin og kardiologi, Henrik Berg, sa under møtet at liv vil gå tapt om ikkje akuttberedskapen blir oppretthalden.

– Akuttbehandling skal ikkje sentraliserast, men vanlege menneske si ulukke må desentraliserast. Det kan ikkje desentraliserast til ambulansar og helikopter, sa han.

– Vi må halde oss til vedtaket

Jon Bolstad på styremøte i Helse Førde

TRUR IKKJE DEI VINN FRAM: Administerande direktør i Helse Førde, Jon Bolstad, trur dei tilsette blir skuffa.

Foto: Bård Siem / NRK

Administrerande direktør i Helse Førde, Jon Bolstad, seier at dei som var på møtet vil bli skuffa.

– Vi må halde oss til dei vedtaka regjeringa har fatta. Vi skal leggje ned det ortopediske tilbodet ved sjukehuset, det er bestemt. Det er behandla i alle organ som skal behandle det. Den saka er ferdig, seier han.

Når det gjeld Alfred Bjørlo sin kommentar om at legane blir behandla som annanrangs tilsette, har Bolstad denne kommentaren:

– Det er heilt ukjent for meg at eg skulle gjere det. Eg veit ikkje kva grunnlag han har for å seie dette, seier han.