Vart orientert i mai om legar som mangla naudsynt opplæring

Allereie i mai skal styret i Helse Førde ha blitt orientert om at legane som prioriterer pasientar på venteliste mangla naudsynt opplæring.

Arkivfoto

VISSTE OM MANGELEN: Styret i Helse Førde skal ha visst om den manglande opplæringa heilt sidan mai.

– Dei rette ansvarlege må no stillast til ansvar, seier kommunelege Bengt Georén til Bergens Tidende.

Rettleiarane kom for to år sidan

Sidan i vår har 93 pasientar blitt feilprioriterte ved Nordfjord sjukehus, og administrasjonen i Helse Førde har meldt saka inn for Helsetilsynet.

Onsdag kom det fram at prioriteringsrettleiarane for legane kom allereie i 2009. Desse er tekne i bruk ved Førde sentralsjukehus og ved sjukehuset i Lærdal – men ikkje ved sjukehuset på Eid.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bengt Georén

KRITISK: Kommunelege Bengt Georén i Vågsøy.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Melde helsetoppane til tilsynet

Georén meiner det er Helse Vest og Helse Førde sitt ansvar å organisere, utdanne og orientere helsepersonell om rettleiarane, og å følgje opp at alt fungerer som det skal.

Ifølgje Bergens Tidende skal styret i Helse Førde allereie i mai ha blitt orientert om at legane ved Nordfjord sjukehus mangla naudsynt opplæring.

Han har meldt toppane i Helse Førde til Helsetilsynet for manglande og sein oppfølging av arbeidet.

Legar ved Nordfjord sjukehus har, etter at ventelisteskandalen vart kjend, sagt at dei aldri har fått opplæring i bruk av systemet.