Pasientombodet krev opprydding

Pasientombodet krev at Helse Førde ryddar opp i ventelisteskandalen ved Nordfjord sjukehus snarast.

Nordfjord Sjukehus

OPPRYDDING: Pasientombodet krev no at Helse Førde ryddar opp i ventelisteskandalen ved Nordfjord sjukehus.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Torsdag kveld gikk Helse Førde ut med at så mange som 200 pasientar kan ha hamna på feil venteliste ved Nordfjord sjukehus. Pasientar som skulle stått på prioriterte lister har enda opp på ei heilt anna venteliste.

Krev opprydding

No krev Pasientombodet at Helse Førde ryddar opp i ventelisteskandalen.

Ove Mjåtveit

ALVORLEG: Pasientombod Ove Mjåtveit ser alvorleg på det som har hendt ved Nordfjord sjukehus.

Foto: Silje Guddal / NRK

Pasientombod Ove Mjåtveit frykta at rotet kan ha gått ut over liv og helse då han høyrde om det.

– Då tenkte eg at dette kan vere alvorleg, akkurat sånn som Helse Førde sjølv har sagt. Dersom ein ikkje fangar opp dei pasientane som ein må fange opp så kan jo det få konsekvensar for liv og død, seier Mjåtveit.

Vert kalla inn på nytt

Mjåtveit synest det som har skjedd er både trasig og ille og forventar no at ein finn ut av og oppklarar det som har skjedd.

Det er sjef for Helsetilsynet i Sogn og Fjordane, fylkeslege Per Stensland, som no skal vurdere eventuelle reaksjonar etter det som har skjedd ved Nordfjord sjukehus.

Avdelingssjef for medisinsk avdeling i Helse Førde, Trine Vingsnes, fortalde i går til NRK at pasientane som har vorte råka vil bli kalla inn til ny vurdering.