Hopp til innhold

Spent på årets landbruksoppgjer

Fire av fem bønder i Norge har no arbeid utanfor garden. Bondelagsleiaren i Sogn og Fjordane håpar årets landbruksoppgjer kan sikre at denne trenden snur.

Per Hilleren

SPENT: Per Hilleren håpar årets landbruksoppgjer kan sikre betre inntening for bøndene.

Foto: Eline Buvarp Aardal / NRK

I dag kjem kravet frå bøndene i årets landbruksoppgjer. Mange er spente og håpar utfallet blir betre enn i fjor.

Då såg bønder over heile landet raudt etter at regjeringa la fram eit tilbod på 900 millionar kroner, ein sum som låg 1,3 milliardar kroner under bøndene sitt krav på 2,2 milliardar.

Bondelagsleiar i Sogn og Fjordane, Per Hilleren, håpar ein i år kan få på plass eit oppgjer som skapar optimisme i næringa.

– Eg er spent på kravet, og det er ikkje tvil om at vi går inn i spennande forhandlingar. Så er det heller ikkje tvil om at årets landbruksoppgjer er viktig for den norske bonden og for norske forbrukarar, seier Hilleren til NRK.no.

Fire av fem er deltidsbønder

Talet på bønder i Norge har lenge gått bratt nedover. Berre i Sogn og Fjordane har talet på til dømes mjølkebønder blitt halvert frå over 2000 til om lag 1000 på ti år.

Berre ein liten del av bøndene lever i dag av gardsdrifta åleine. Delen deltidsbønder har auka, og no er så mange som fire av fem bønder i arbeid utanfor garden.

NRK Vestlandsrevyen fortalde i går om Leif Halvor Kårstad som er ein av mange som har gitt opp livet som bonde på grunn av arbeidsmengda. Travle dagar og mange oppgåver på garden kombinert med arbeid utanfor vart til slutt for mykje.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

4 av 5 er deltidsbønder. I morgon legg bøndene fram krav i jordbruksoppgjeret

FIRE AV FEM: Svært mange bønder har i dag eit arbeid i tillegg til gardsdrifta. Men mange gir etter kvart heilt opp å drive med landbruk.

Kjenner seg tvinga til å gjere det

Og slik har det altså blitt for mange. Reidar Almås som er professor i bygdesosiolog ved NTNU seier det er fleire og fleire som gir opp.

– Det er både press og sug frå samfunnet omkring. Lønsnivået rund om er så høgt at når bonden ser i lommeboka ser han at han får betalt halvparten så mykje for det han gjer i landbruket, seier Almås.

Hilleren forstår at mange sel unna dyra og legg gardsarbeidet på hylla.

– Det er ikkje slik vi ønskjer ha det, men det er dessverre realiteten, seier han.

– Det er for dårleg inntening for dei som ønskjer drive som heiltidsbønder, og kostnadene med å drive er så store at ein må finne ei anna inntekt for å forsvare utgiftene ein har, seier bondelagsleiaren.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bøndene stengjer Utvikfjellet.

STENGDE VEG: Vegen over Utvikfjellet vart stengd då illsinte bønder i fjor aksjonerte etter det dårlege tilbodet frå staten.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

– Må syne større vilje

Sist vår førte regjeringa sitt tilbod til demonstrasjonar over heile landet. Bøndene samla seg i protestkonvoiar i traktor , tømde butikkane for brød og stengde vegar for å nemne noko.

Medan forhandlingane då var over allereie før dei begynte, håpar Hilleren på eit betre resultat i år.

– Det er vanskeleg å spå, men eg håpar iallfall at det skal kome sterke signal på at regjeringa vil syne større vilje til å sikre norsk matproduksjon enn dei gjorde i oppgjeret i fjor.

For regjeringa har sagt at Norge skal produsere meir mat. I landbruksmeldinga som vart lagt fram i desember 2011 lova dei 20 prosent meir mat på 20 år frå no.

Skal det gå må bøndene få betre vilkår, seier Hilleren.

– Skal vi greie halde oppe norsk matproduksjon på dagens nivå, og auke den, så er det viktig at vi greier halde oppe eit sterkt landbruk.