Hopp til innhold

Sp ber staten gripe inn mot «unntakstilstand» i kommunen

Eit politisk nødskrik om at staten må føre tilsyn med ordførar og administrasjon skaper bråk i Sogn.

Vikøyri / Vik kommune

SOGN, VESTLAND: Vik kommune ligg i naturskjønne omgivnader ved Sognefjorden.

Foto: Jan Henning Aase

I Vik kommune på sørsida av Sognefjorden bur 2560 innbyggarar.

Rett før valkampen er frontane uvanleg steile i den vesle kommunen.

I ein siste manøver har det største opposisjonspartiet, Senterpartiet, vendt seg til Statsforvaltaren og bedt om statleg innblanding.

I brevet stiller partiet spørsmål ved administrasjonen sin kompetanse og seier rett ut at kommunelova ikkje blir praktisert i samsvar med «lovgjevar sine intensjonar».

«Både på politisk og administrativ side har fleire enkelthendingar i perioden underbygd Senterpartiet sin tvil om naudsynt kompetanse», skriv partiet.

Partiet brukar ord som «unntakstilstand» om situasjonen i kommunen.

«Ei rekke brot på lovfesta krav til både rekkefølge, fagleg innhald og framdriftsplanar i høve kommunen sitt planarbeid gjer Senterpartiet uroa i høve både kapasitet og administrativ kompetanse innan ansvarsområdet.»

Vikøyri - Vik kommune

Det er harde frontar mellom sentrale personar i Vik kommune om dagen.

Foto: Vik kommune

I tillegg stiller partiet spørsmål ved habiliteten til ordføraren.

«Det er dokumenterte døme på at ordføraren i media har annonsert politisk utfall av einskildsaker, utan at sakene i det heile har vore politisk drøfta».

Sogn Avis omtalte saka først.

Til NRK seier ordførarkandidat Eivind Helleland (Sp), som sit i formannskapet, at frustrasjonen har bygd seg opp over tid.

– Det mest alvorlege er at vi har ein ordførar som nektar å følge lova når det gjeld våre rettigheiter til å få saker til ordinær demokratisk behandling.

Han viser til at partiet utgjer eit stort mindretal i kommunen, med over ein tredjedel i formannskapet og kommunestyret, og at ein dermed har lovfesta rett til å få saker på dagsorden.

Eivind Helleland, Vik Senterparti

Eivind Helleland frå Senterpartiet seier misnøya har bygd seg opp over tid.

Foto: Privat

– Vi skjønte ikkje kva dette dreidde seg om

Ordføraren i Vik, Roy Egil Stadheim (Ap), seier han ikkje var klar over at brevet frå Senterpartiet, før han fekk svarbrevet frå Statsforvaltaren.

– Eg vart litt sjokka.

Han seier vidare at dei måtte spørje etter det opphavlege brevet frå Senterpartiet, fordi det ikkje vart sendt med kopi til ordføraren og administrasjonen.

– Vi får jo berre eit svar frå Statsforvaltaren. Vi skjønte ikkje kva dette dreidde seg om.

Han avviser alle skuldingane og seier det er ingenting han kjenner seg igjen i.

– Dei har fått teke opp politiske saker, sjølvsagt. Politikken er no ein gong slik at det er eit mindretal og eit fleirtal.

Han seier også at han kan habilitetsreglane, og at det ikkje finst hendingar han har dårleg samvit for.

Han kallar framgangsmåten frå Senterpartiet «stygg».

– Dei som ikkje skal tole denne kritikken er dei tilsette i kommunen. Dette er å trakke langt over streken.

Roy Egil Stadheim

Roy Egil Stadheim er ordførar i Vik kommune for Arbeidarpartiet.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Konstituert rådmann i Vik, Geir Svendsen, seier det har vore «hyppig møteverksemd» den siste veka etter at brevet vart kjent.

– Dette blir av tilsette i kommunen opplevd som eit overtramp. Vi blir definerte som inkompetente av Vik Senterparti, og det reagerer vi på.

Han seier tilsette har opplevd brevet som «sårande».

Geir Svendsen, konstituert rådmann, Vik kommune

Konstituert rådmann, Geir Svendsen, kallar brevet frå Senterpartiet «sårande» og eit «overtramp».

Foto: privat

Senterpartiet svarar med at «vi ikkje har peikt på eit einaste menneske», men på det politiske ansvaret.

– Vi opplever at ordføraren og rådmannen her skubbar dei tilsette føre seg, i staden for å seie at vi har ei utfordring. Det blir ei fullstendig avsporing, seier Helleland.

Saka har likevel ført til internt bråk i Senterpartiet.

Olav Turvoll, som var ordførar i Vik så seint som i 2019, melder seg no ut av partiet etter å ha vore medlem i partiet i 40 år.

– Eg vil ikkje vere med på galskapen lenger, seier han til Sogn Avis, og utdjupar:

«Eg har meldt meg ut av Senterpartiet av di eg ikkje kan vera indirekte medansvarleg med omsyn til det som skjer i Vik Senterparti.»

– Kan ikkje hugse noko liknande

Vik Senterparti sitt håp om statleg innblanding blir uansett ettertrykkeleg avvist.

Til NRK seier assisterande statsforvaltar, Gunnar Hæreid, at han aldri har fått ein liknande førespurnad før.

– Eg kan ikkje hugse noko liknande i løpet av dei 12 åra eg har vore i systemet.

Han legg til at det kommunale sjølvstyret står særs sterkt og at Statsforvaltaren ikkje kan føre tilsyn med noko så generelt som nokon sin «kompetanse».

Men:

– Dersom eventuell kompetansemangel gjer seg utslag i ulovlege vedtak, så kan vi gå inn og kontrollere dei vedtaka.

Gunnar O. Hæreid, assisterande fylkesmann

Assisterande statsforvaltar, Gunnar Hæreid, har aldri vore borti ei liknande sak i løpet av dei 12 åra han har jobba her.

Foto: Kaia Viki / NRK

Konklusjonen i brevet er likevel ikkje til å misforstå.

«Statsforvaltaren kan ikkje sjå at dei forholda som vert teken opp i brevet frå Vik Senterparti fell inn under nokon av dei heimlane som Statsforvaltaren har til å føre tilsyn».

Senterpartiet i Vik kjem likevel til å gå vidare med saka og har bede om eit møte med Statsforvaltaren.

– Vi kan ikkje ha det slik at det er fleirtalet i kommunestyret som skal bestemme kva slags lover som passar og kva lover som ikkje passar, seier Helleland.