Hopp til innhold

Solheim kjøpt av ny svensk klubb

Mats Solheim frå Loen blir i dag presentert som ny spelar i Stockholmsklubben Hammarby IF. Dermed takka han også nei til ein retur til norsk eliteserie.

Mats Solheim

KLAR FOR HAMMARBY: Mats Solheim frå Loen går frå Kalmar til Hammarby, og blir presentert som laget sin nye spelar i dag.

Foto: Patric Söderström / SCANPIX / SCANPIX SWEDEN

Solheim gjekk i 2012 frå Sogndal til Kalmar i Sverige, og har gjort sine saker bra i Allsvenskan. No stadfestar Hammarby at dei har kjøpt 27-åringen, og at dei kjem til å presentere han i dag.

– Vi har følgd Mats gjennom vinteren, og tanken var å forsøke å få han hit til sommaren når kontrakten hans med Kalmar går ut. Men når sjansen dukka opp og Mats gjerne ville komme til oss har vi kome til ein avtale med Kalmar, seier sportssjef Mats Jingblad til klubben si heimeside.

Forsvarsspelaren har signert ein treårskontrakt med Hammarby. Overgangssummen er ikkje kjend, men ifølgje fotbolltransfers.com har Solheim ein marknadsverdi på om lag 2,5 millionar kroner.

– Vi er svært nøgde med at vi kan presentere Mats i vår klubb alt frå 1. april, seier Jingblad.