Hopp til innhold

Stryning med suksess i svensk fotball

Å spele på eit fotball-lag som kjempar om heider og medalje må vere ein stor forskjell frå å spele med kniven på strupen for å unngå nedrykk.

Mats Solheim

GJER SUKSES: Her jublar Mats Solheim etter eit mål han skåra for Kalmar då dei møtte Brommapojkarna i sommar.

Foto: Patric Söderström / SCANPIX / SCANPIX SWEDEN

Ein av dei som har prøvd begge deler er stryningen Mats Solheim. Fram til januar 2012 spela han for Sogndal. Så reiste han til svenske Kalmar. Der er han med i medaljekampen i Allsvenskan som er den svenske eliteserien.

Fire kampar før slutt ligg Kalmar på femteplass, berre tre poeng bak bronseplassen.

– Vi internt i laget har trudd at vi skulle få det til. Men no er det artig å vere med på dette, seier han.

25-åringen frå Loen kom frå Stryn til Sogndal i 2006. Totalt spelte han 164 kampar for sogningane, før han vart klar for proffeventyr i Kalmar.

Eg reiste hit for å ta eit steg i karrieren min, men så fekk eg ein skade. Det var kjedeleg.

Spelar annleis fotball

Sesongen i fjor blei øydelagd av ein korsbandsskade. Han tykkjer det var kjedeleg for han var inne i ein god periode då skaden ko, No er han tilbake på same nivå som han var. Stryningen har fått tillit i 21 kampar og har skåra to mål.

– Men tanke på at eg var ute så lenge i fjor, må eg vere nøgd med sesongen så langt. Eg har vore bra defensiv, men har meir å gå på offensivt. Men alt i alt er eg godt nøgd.

Han likar seg i svenske Kalmar og seier svenske lag spelar annleis fotball enn norske.

– Det er litt anna type fotball enn eg har vore vant med i Sogndal og Norge generelt. Heime er dei veldig opptekne av å liggje på rett side og ha ein defensiv struktur. Her er det meir at ein skal presse og presse. I tillegg prøver mange lag å spele mykje meir på bana. Her held ein meir i ballen og går til angrep på ein litt annan måte.

Halvanna år igjen

Utanlandsproffen har halvanna år igjen av kontraken i Kalmar. Slik det ser ut no, blir han verande.

– Det fristar ikkje å reise heim no, men i fotballen er det av og til vanskeleg å vite kva som skjer framove.

Og sjølv om han held seg i Sverige, har han ikkje gløymt gamle lagkameratar i Sogndal. Han følgjer med laget og har sett nokre av kampane.

– Dei har vel fire tap på rad. Får dei ein siger til, så skal dei klare seg i eliteserien. Det er trongt i botnstriden, men eg trur dei klarar seg, seier han.