Hopp til innhold

Enormt søksmål mellom Hurtigruten og gass-selskap – krev over 300 millionar tilbake

Selskapet Gasnor skulle levera gass til fleire av Hurtigruten sine skip. Men no har samarbeidet havarert.

Hurtigruta Polarlys

Hurtigruten skulle byggja om fleire av sine skip til å gå på LNG. I staden har dei valt andre former for drivstoff.

Foto: Linda Bjørgan / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Den betente striden mellom Hurtigruten og Gasnor er no på full fart inn i tingretten.

For eitt år sidan vart det nemleg klart at Hurtigruten droppa gass, og heller skulle gå for biodiesel.

Det var bransjenettstaden Biogassbransjen som då skreiv at Gasnor levera LNG-gass til fleire av Hurtigruten sine skip som seglar langs norskekysten.

Eit eige skip vart bygd om til formålet: Å bunkra gass til Hurtigruten sine skip medan dei låg til kai i Bergen.

Dette er det sørlege endepunktet for seglingane langs norskekysten som går til Kirkenes i nord.

Hurtigruten MS Nordnorge til kai i Bergen

Her i Bergen skulle selskapet Gasnor levera LNG til Hurtigruten sine skip.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

60 prosent av inntektene forsvann

Avtalen om gasslevering vart inngått for ein periode på 10 år, og Gasnor skulle levera både til Hurtigruten og utfordrar Havila Kystruten.

Men no har samarbeidet med Hurtigruten skore seg.

Hurtigruten har nemleg bestemt seg for å droppa LNG som drivstoff og heller satsa på biodiesel for skipa som seglar langs norskekysten.

Dermed forsvann over 60 prosent av inntektene for Gasnor.

Og det vart starten på krangelen som no blir rettssak.

Saka står klar til å bli handsama i retten i mars 2023 i tingretten i Haugesund.

– Me meiner dette er misleghald av kontrakten, seier administrerande direktør i Gasnor, Eilef Stange til NRK.

Det er sett av ti dagar til rettssaka.

300 millionar kroner

Selskapet har no stemna selskapet Hurtigruten Coastal AS for retten med eit krav på over 300 millionar kroner.

I årsrapporten til Hurtigruten er det oppgjeve at kravet er på 34 millionar Euro.

Hurtigruten skriv i sin årsrapport at dei vil droppa å byggja om sine skip til gassdrift. I staden har dei valt ei løysing med batteri og biodiesel

– Me hadde ein leveransekontrakt til Hurtigruten sine skip som skulle gå på LNG. Dette har dei no valt å gå bort ifrå, seier Stange.