Hopp til innhold

IT-bransjen skrik etter fleire som Asmund (19) og Martin (19)

I dag går fristen ut for å søke høgare utdanning gjennom Samordna opptak. Asmund og Martin har alt bestemt seg for kva dei skal bli.

Asmund Brendstuen (t.v.) og Martin Hovland Vigdal

LANDA LÆRLINGKONTRAKT: Asmund Brendstuen (t.v.) og Martin Hovland Vigdal har skaffa seg lærlingkontrakt som webutviklarar frå hausten av.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Å få lov å jobba med noko som faktisk skal brukast på ekte, det er kjempemoro.

Asmund Brendstuen (19) sit på kontorplassen sin hjå Statsforvalterens Fellestenester på Leikanger.

Kodelinje på kodelinje susar over skjermane. Det er måndag, og det betyr utplassering saman med klassekameraten Martin Hovland Vigdal (19).

Her har dei to tredjeklassingane ved Sogndal vidaregåande skule allereie skaffa seg lærekontrakt som webutviklarar.

I alt er det rekna ut det trengst over 40.000 fleire i IKT-bransjen i Noreg dei neste åtte åra.

I ei ny undersøking seier nær halvparten av NHO-bedriftene at dei har eit udekka behov for IKT-kompetanse.

– Det er et stort kompetansehol i næringslivet som må fyllast, seier Tekna-president Lars Olav Grøvik til NTB.

NRK har tidlegare skrive at arbeidslivet har eit nesten «utømmeleg behov» for programmerarar.

– Dette gjeld både digital spisskompetanse og breiddekompetanse. Vi oppfordrar difor fleire til å søke seg til IKT-studiar, seier viseadministrerande direktør Anniken Hauglie i NHO.

Anniken Hauglie, Norsk Olje og Gass

FLEIRE PÅ IKT: - Vi oppfordrar fleire til å søke seg til IKT-studiar, seier viseadministrerande direktør Anniken Hauglie i NHO.

Foto: Norsk Olje og Gass

– Bransjen kjem til å få bakoversveis

I fjor søkte 154.088 personar om opptak til høgare utdanning via Samordna opptak, ein auke på 2,2 prosent frå året før.

Og vanlegvis er det høgare utdanning som er vegen å gå for å jobba som web-utviklar eller programmerar.

Men i haust er elevar frå to nye fag i den vidaregåande skulen klare for arbeidslivet som lærlingar. Det skal sikra fleire faglærte inn i bransjen.

I Sogndal har dei i fleire år sendt elevar frå VG3 dataelektronikar som lærlingar ut i bransjen. Og no skal det altså bli mange fleire frå faga IT-utvikling og IT-drift.

– Eg byrjar å bli litt skulelei, så dette er kjempefint! Det kjennast godt å ha jobba godt nok til at eg får bli lærling her, seier Brendstuen.

I 2019 importerte Noreg IT-tenester for 32 milliardar kroner.

– Kor skal me finna kompetansen? Me må laga han. Utlandet har akkurat det same behovet for folk som me har, seier Kristoffer Ryeng.

Han har mange år bak seg som lærar i den vidaregåande skulen innanfor IKT-faget, og er ein av dei som har jobba for å få fram dei to nye faga. No jobbar han i bedrifta Commitment AS.

– Fleire bedrifter kjem til å få bakoversveis når dei ser kor mykje desse ungdomane kan. Det kjem til å ta av etter kvart når bransjen får ordentleg kjennskap til kva kompetanse elevane har.

Olav Arild Barsnes (bak) og Martin Hovland Vigdal

PÅ BESØK: Lærar Olav Arild Barsnes er på besøk, og får sjå litt kva elevane jobbar med på utplasseringa.

«Kidsa er fødde med iPad i handa»

– Me tok inn våre to første lærlingar i 2009. Og me gjorde alt feil, ler Henning Starholm Steen i TietoEvry.

Sidan den gong har dei satsa knallhardt på lærlingar, og har no 50 lærlingar i IT-faget til ei kvar tid.

Kidsa i dag er født med iPad i henda, og har kanskje koda på barnerommet sidan dei var åtte år gamle. Då har dei ti års erfaring med koding når dei kjem til oss som lærlingar. Det er kompetanse me hyler etter i marknaden i dag, seier han.

Det er også slik at dei som byrja i ei bedrift som lærlingar, blir verande lenger i jobben enn dei som kjem inn frå andre stillingar eller direkte frå utdanning.

– Eg har aldri opplevd at nokon me gir jobb etter læretida, har slutta før dei har jobba i minst tre år.

– Press frå alle kantar

På Leikanger har Asmund Brendstuen og Martin Hovland Vigdal vore utplassert sidan i fjor haust.

Om vi gir dei lærekontrakt no, så har vi kanskje eit fortrinn for seinare å kunne rekruttera akkurat desse to, seier Jørgen Tistel, som er avdelingsdirektør for digitalisering hjå Statsforvaltarens fellestenester.

– Me har fire ledige stillingar som webutviklarar hjå oss, og me ser at det er stor konkurranse.