Hopp til innhold

Snubla over ekstremfart i narkosak

Politiet var på jakt etter bevis i ei større narkotikasak. Så fann dei mobilvideoar som gjer to unge menn til fotgjengarar ei god stund framover.

Snubla over ekstremfart i narkosak

SKJERMDUMP: Videoane politiet fann på mobilbeslaga viser ekstreme fartsoverskridingar i tunnelar.

Foto: Skjermdump / Politiet

– Det er snakk om fart opp i 240 km/t på den eine og 220 km/t på den andre. Dette er overhovud ikkje bra, seier etterforskingsleiar Stine Mari Vårdal hos politiet i Sunnfjord.

Dei to mennene i 20-åra erkjende straffskuld og samtykka til at politiet fekk hand om førarkortet.

Det blir ikkje feil å seie at politiet regelrett snubla over videoane. For videoane dukka opp på mobiltelefonar beslaglagde i samband med ei større lokal narkotikasak.

Trur det er «skrytevideoar»

Mennene hadde filma seg sjølve i køyresituasjonane. Begge i tunnelar, der fartsgrensa er kring ein tredel av farten på videoane – 80 kilometer i timen.

Stine Mari Vårdal

ETTERFORSKINGSLEIAR: Stine Mari Vårdal seier det ikkje er sjeldan at politiet etterforskar eitt lovbrot, for så å kome over andre. – Men denne saka var veldig spesiell fordi farten var så høg på begge to, seier ho.

Foto: Seline Larsen / NRK

Vårdal trur videoane er sokalla «skrytevideoar», som vart både lagra og delte med andre.

– Dette er veldig alvorleg. Ein ville aldri overlevd krasj i ein slik fart, seier Vårdal.

Sjef for Utrykkingspolitiet, Jon Steven Hasseldal, seier det høyrer med til sjeldanheita at ein høyrer om slike fartsoverskridingar.

Han meiner at skrytevideoar er eit problem.

– Det kan igjen motivere andre til å gjere det same, fryktar han og minner om at:

– Fart er ei medverkande årsak til 41 prosent av alle dødsulukkene her til lands, og når ein køyrer i slik fart utset ein seg sjølv og andre vegfarande for svært stor risiko. Det er berre flaks at det går bra, seier han.

Stikk av frå politiet

UP-sjef Steven Hasseldal.

UP-SJEF: – Vi ser at det er fleire som publiserer denne type opptak, diverre, vedgår Jon Steven Hasseldal.

Foto: Vilde Elgaaen / NRK

NRK har tidlegare omtala ungdom som deler skrytevideoar der dei råkøyrer og stikker av frå politiet. I 2018 vart ein ung nordlending, som filma eiga villmannskøyring , dømd til fengsel i 60 dagar. Han vart også frådømd førarretten i 48 månader.

– Dette er veldig grove tilfelle som vil føre til tap av førarretten i over 36 månader, og ei vilkårslaus fengselsstraff, avsluttar UP-sjefen om den aktuelle saka i Sunnfjord.