Hopp til innhold

Rotevatn er uroa over Stad skipstunnel

Stortingsrepresentant for Venstre Sveinung Rotevatn likar ikkje at regjeringa endå ikkje har bestilt ei kvalitetssikring av den store skipstunnelen utanfor Stad.

Sveinung Rotevatn

UTOLMODIG: Sveinung Rotevatn er utolmodig, og vil ha fortgang i gjennomføringa av Stad skipstunnel.

Foto: Bård Siem / NRK

– Eg er uroa over at det ser ut til at prosessen dreg ut. Det er veldig viktig at ein no kjem i gang med kvalitetssikring av prosjektet så fort som råd, seier Rotevatn.

Kvalitetssikring tyder at eksterne konsulentar går inn og undersøker om prisoverslaga i prosjektet er realistiske.

– Ein kjem ikkje i gang før det er på plass, og det eg no etterlyser er at regjeringa bestiller ei kvalitetssikring. Skal ein kome i gang i 2019 må ein gjere det så fort som råd. Det er berre å trykke på ein knapp, så eg forstår ikkje kvifor regjeringa somlar, seier Rotevatn.

Får støtte frå prosjektleiaren

Prosjektleiar i Stad skipstunnel, Randi Paulsen Humborstad, gir si støtte til Rotevatn.

– Eg hadde også håpt at ei kvalitetssikring no skulle vere på plass, og eg har også etterlyst det. Ein skulle tru at det hadde vore ei positiv sak for regjeringa, så eg hadde håpt at det skule kome no i valkampen.

Randi Humborstad

GIR ROTEVATN STØTTE: Randi Paulsen Humborstad er også utolmodig.

Foto: Øystein Torheim

Humborstad understrekar at ho ikkje redd for at sjølve bygginga av skipstunnelen skal gå i vasken.

– Det verkar som om alle partia er positive til prosjektet, så vi er ikkje redde for at det ikkje skal bli noko av. Vi ønskjer berre at det skal skje i tråd med den tidsplanen som er skissert.

Meiner dei er i rute

Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen seier at det ikkje er noko grunn til å vere uroa. Han hevdar at dette først og fremst er eit valkamputspel frå Sveinung Rotevatn.

Ketil Solvik-Olsen

HAR KONTROLL: Ketil Solvik-Olsen seier at dei er i rute til å starte byggjeprosessen i 2019.

Foto: Anne Lognvik / NRK

– Det er bra at Rotevatn er oppteken av Stad skipstunnel, det er vi også. Vi kjem til å bestille ei kvalitetssikring, men denne prosessen må følge den tidslinja som er vanleg.