Hopp til innhold

Smitterekord i Bergen – 57 nye smitta siste døgn

Bergen kommune varslar nye lokale smitteverntiltak frå neste veke av. – Dei som bryt smittevernsreglane med viten og vilje; skjerp dykk, seier medisinsk fagsjef Trond Egil Hansen.

Koronatesting i Laksevåg i Bergen.

AUKA SMITTE: 57 nye smitta på eit døgn er det høgste talet i Bergen sidan pandemien starta.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Det var ein alvorleg byrådsleiar som starta pressekonferansen til Bergen kommune rett etter klokka 14.00 fredag.

Med seg hadde han ein ny smitterekord. Byen har hatt 57 nye koronasmitta siste døgn. Det er det høgste smittetalet Bergen har registrert på ein dag sidan pandemien starta.

– Dette er urovekkande. Og eg er veldig uroa for tida framover, seier byrådsleiar Roger Valhammer (Ap).

Av dei nysmitta er over halvparten mellom 20–29 år, fire har ukjent smitteveg og tre har importsmitte.

Få eller ingen symptom

Han seier mange av dei ny smittetilfelle stammar frå fest, vorspiel og private lag. Også nokre smittetilfelle er knytt til utestader.

– Dei fleste er unge menneske. Og mange har hatt milde eller nesten ingen symptom. Det har difor tatt tid før dei har testa seg, seier Valhammer.

Han legg til at han ser svært alvorleg på at mange ikkje klarar å halde kravet om minst ein meter avstand til neste person.

Skal me lukkast i å halde Bergen opent, så må det bli slutt på at folk bryt smittevernreglane. Eg kan ikkje seie det tydeleg nok; folk må halde minst ein meters avstand, alltid.

Utesteder, Bryggen i Bergen

UTELIV: Mange av smittetilfella dei siste vekane kan knytast til private festar og utestadar. Her frå Torget i Bergen.

Foto: Valentina Baisotti / NRK

Nye tiltak frå neste veke

Han varslar no at nye lokale smitteverntiltak vil bli innført frå neste veke av. Ikkje alle tiltak er diskutert og fastsette enno, men han varslar at i alle fall to tiltak blir innført att:

  • Krav om gjesteliste på alle serveringsstader, også dei som ikkje har alkoholservering.
  • Maksimalt ti personar samla i private lag. Her er regelen i utgangspunktet 20 personar.

Sjølv om desse tiltaka ikkje blir innført før tidleg i neste veke, kjem Valhammer med ei sterk tilråding at desse retningslinjene også vert følgt i helga.

Han legg til at smittevernkontoret vil vurdera å setje alle gjestane som har vore på ein utestad i karantene, om det blir avdekka smitte på utestaden.

Dei varslar også auka kontrollar av utestadar i Bergen i helga, og finn dei brot på smittevernreglane så kan utestader og serveringsstader bli stengd.

– Skjerp dykk

Også helsebyråden er svært uroa for at smittetala har byrja å auka i Bergen igjen. Ho ser på den kommande helga som kritisk, for å hindre at smitten kjem ut av kontroll.

– Me må torer å vera tydelege, og kanskje litt kjipe, med vener og kjenningar, om me ser at nokon bryt smittevernreglane, seier helsebyråd Beate Husa (KrF).

Ho ber folk tenka gjennom og vera medvitne på kor mange nærkontaktar dei har.

– Dei som framleis bryt retningslinjer, med viten og vilje, dei synest eg faktisk skal skjerpe seg, seier medisinsk fagsjef Trond Egil Hansen.

– Eg har forståing for om nokon lurer på om dei tiltaka vi varslar no er strenge nok. Dette særdeles høge smittetalet er førebels berre i dag. Snittet den siste veka ligg på 20. Vi må sjå an om dagens tal er eit blaff eller om tala legg seg på høgare nivå, legg Hansen til.

Det blir også innført besøksrestriksjonar på sjukeheimane igjen. I tillegg må tilsette på sjukeheim og i heimetenesta bruke munnbind i situasjonar der dei ikkje kan halde ein meter avstand.

Bergen kommune orienterer om koronasituasjonen i byen.

UROA: Helsebyråd Beate Husa (KrF) i Bergen.

Foto: Marit Hommedal / NTB

Nasjonale innstrammingar

Klokka 13.00 hadde regjeringa pressekonferanse om den nasjonale situasjonen. Der sa statsminister Erna Solberg at ho er uroa.

Fleire lokale utbrot i Noreg, samstundes som smitten aukar kraftig i Europa, gjer at regjeringa varslar nasjonale innstrammingar i neste veke.