Hopp til innhold

Småfuglar på bærfylla

Det er ikkje berre folk som hamnar på ein snurr frå tid til annan. I Øvre Årdal har fleire eksemplar av sporvefuglen sidensvans gått på ”fylla”. Ein og annan har stroke med.

Sidensvans på fylla

FULL: For denne sidensvansen gjekk det heilt gale etter å ha ete gjæra bær.

Foto: Steinar Drægni / Porten.no

Det var utanfor Indre Sogn Sparebank at folk i helga oppdaga fleire rusa sidensvansar, det skriv porten.no på sine nettsider.

Rusa på gjæra bær

Fuglane har fått i seg bær frå Asaltrea utanfor banken, og blir rett og slett rusa.

- Det er villgjær i alle slags bær. Ein kan tenkje seg storleiken på ein slik fugl, og då forstår ein kor lite som skal til før den vert full, seier Terje Kristiansen ved Fuglevakta hos Norsk Ornitologisk Foreining til NRK.no.

Og for nokre av småfuglane har det blitt alt for mykje bær innabords. Kor vidt dei dør av sjølve rusen eller av å ha krasjlanda er ukjent.

Dårleg i magen

Og som med menneske så får også fuglane merke at alkoholen slår dei ut. Ein av fuglane som vart observert utanfor banken skal ha vore skikkeleg dårleg i magen og gjort i frå seg. Deretter tok den sats og kom seg opp i eit av trea igjen.

To av dei andre var ikkje i form til å kome seg opp i høgda igjen med det første. Med auga opne låg dei heilt stille i snøen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sidensvans på fylla

VENTAR: Sidensvansen ligg stille og ventar på at rusen skal avta.

Foto: Steinar Drægni / Porten.no

Ikkje første gong

Det er ikkje første gongen at folk i området har observert rusa sidensvansar. Tilbake i 1999 var det fleire episodar der mengder med sporvefugl låg strak ut under Asaltrea.

I Indre Sogn Sparebank er Wenche Styve ikkje overraska over det som no har skjedd.

- Det er mykje bær på buskene i år, og vêret er svært likt det vi hadde i 1999. Kaldt, mykje snø og nokre korte periodar med mildare ver. Det er truleg det som gjer at bæra gjærar og dermed vert alkoholhaldige, seier Styve til porten.no.

Ho fortel at det i 1999 stadig vekk var fuglar som flaug rett i glasrutene på banken og dermed mista livet.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sidensvans på fylla

KVIL: Denne sidensvansen ser kanskje ikkje verken full eller dårleg ut, men det er den.

Foto: Steinar Drægni / Porten.no

Hos Fuglevakta meiner Kristiansen på generelt grunnlag at banken bør vurdere å kvitte seg med Asaltrea.

- Dette er i utgangspunktet ein tresort som norske fuglar ikkje er vande med. Så eg meiner dei bør vurdere å kvitte seg med trea for å hindre at dette skjer, seier Kristiansen.

LES FLEIRE HISTORIER FRÅ DYREVERDA: