Uglepar fekk ungar i pipa

Ei hytta ved Robjørgane på Blakset i Stryn har hatt uvanleg besøk dei siste dagane.

Ugleunge i pipa på Blakset i Stryn

Denne ugleungen har saman med sine tre søsken budd i pipa på ei hytte på Blakset i Stryn.

Foto: Bjarne Eldevik / NRK

For eit uglepar har tatt bustad i pipa og her har dei lagt fire egg som no har blitt til fire små kattugleungar.

- Heldigvis hadde ingen fyrt i omnen

- Det er sonen min og kona som driv hyttene, og det var dei som fann dei, fortel Norun Holen.

For då hytta skulle klargjerast til nye gjestar i førre veke høyrde sonen Idar Holen eit merkeleg bråk inne frå pipa. Han vart nysgjerrig og keik inni.

(Artikkelen held fram under biletet)

Norun Holen ser på ugla i pipa

Norun Holen ser inn på den vesle ugleungen som sit stille og roleg inne i pipa.

Foto: Bjarne Eldevik / NRK

- Vi skal vere glade det ikkje var nokon som hadde fyrt opp i omnen, seier Norun Holen.

For det var eit ganske uvanleg syn som møtte sonen hennar heilt nede i pipa, rett bak sjølve vedomnen.

- Der låg fire små ugleungar i det som vel må kallast eit reir, fortel Norun Holen.

Trur dei har vore i pipa lenge

Ho seier ho aldri tidlegare har sett ugler i området, og at det var ganske spesielt å først skulle oppdage dei inne i pipa.

- Vi har lurt fælt på korleis dei skal kome seg ut av pipa. Men kvar kveld kjem foreldra og forsvinn ned skorsteinen for å gje dei mat, fortel Norun.

Ho anar ikkje kor lenge ugleparet har vore i pipa, men trur det må vere ei stund.

- Dei har vel sikkert låge å varma på egga ei stund også, men vi merka ikkje noko før ungane begynte å bevege på seg inni der.

- Ugleungen spankulerte på skorsteinen

Sidan dei oppdaga dei små ugleungane har den vesle uglefamilien blitt ein liten attraksjon for dei besøkande. Mange er nysgjerrige og lurer på kor tid småuglene skal ut å flyge.

- I går var det ein liten som stod på skorsteinen og keik. Men så kom det eit veldig regnvêr og den vesle ugleungen datt ned i graset, fortel Norun Holen.

Etter ei stund var den vesle ugleungen vekke, og sjølv trur Holen at foreldra må ha vore å henta den. Det trur også ornitolog Kjell Mork Soot.

Norun Holen utanfor hytta med ugler i pipa på Blakset i Stryn

Det er i denne hytta på Robjørgane i Stryn at den vesle uglefamilien har funne seg hus og heim.

Foto: Bjarne Eldevik / NRK

- Travel for foreldra i ei trong pipe

- Dei gøymer seg heilt sikkert i nærområdet. For kattugler har som vane å ikkje reise så veldig langt av stad, seier Kjell Mork Soot.

Han har aldri tidlegare høyrt om ugler som har laga seg reir så langt nede i pipa.

- Vanlegvis, når dei bruker pipa som bustad, så vil dei lage seg eit reir ganske høgt opp i skorsteinen, forklarar han.

For sjølv for ei lita ugle er det trongt å skulle kome seg opp og ned ei trong pipe.

- Det er nok altfor trong til at dei kan flyge, så eg er ganske sikker på at dei kravlar opp og ned ved hjelp av klørne. Men det må vere travel for ugleforeldra, seier Mork Soot som seier ugler ofte vel å legge egg i fuglekasser.

- Uglene vil halde seg i nærområdet

Onsdag var det berre ein liten ugleunge att i pipa, så truleg har dei andre kome seg opp og reist på tidspunkt då ingen har lagt merke til dei. Men Mork Soot trur dei som bur i området vil sjå mykje til den vesle uglefamilien i tida framover.

- Dei reiser som regel ikkje så mange kilometer vekk, og vert dei hekkingsdyktige så kjem dei nok til å gjere det i nærleiken, seier Mork Soot.

Han har allereie lova familien Holen å sende ei fuglekasse som kan bli bustad for nokre av ugleungane om dei får leve opp.

Fleire historier frå dyreverda: