Hopp til innhold

Slutt på «Klein Paraply» for å logge inn på nettbanken

Snart blir det slutt på dei morosame ordspela. BankID på mobil skal fasast ut til hausten.

Skjerm

Tilfeldige referanseord som dette er snart historie.

Foto: Kasper Valestrand/NRK

Vi nordmenn har dei siste åra blitt vane med å aktivere BankID på mobilen når vi skal inn på Helsenorge, Altinn og nettbanken.

Men det er ikkje alle som har fått med seg at frå september av vil BankID på mobil bli fasa ut til fordel for ein eigen app.

Frå då av vil ikkje nye brukarar kunne aktivere den gamle versjonen.

Fred og Svein Ligaard bruker begge BankID på mobil. For dei er endringa uventa.

– Vi har ikkje fått med oss dette, seier dei to.

Grunnen til at endringa kjem har å gjere med at BankID ønsker å opne opp for godkjenning ved hjelp av ansikt, fingeravtrykk eller PIN, noko som ikkje er mogleg no.

Fred og Svein Ligaard

For Svein og Fred Ligaard er det uventa at dei snart ikkje kan bruke BankID på mobil.

Foto: Oddgeir Sæle/NRK

– Utfasinga skjer for å gje brukarane ei betre og meir framtidsretta løysing, seier leiar for BankID, Jan Bjerved.

Bankane NRK har snakka med seier dei har informert kundane om det som skjer.

I skranken hos Sparebanken Sogn og Fjordane rettleiar Johannes Sunde Farsund kundane som er innom om endringa som skjer frå mobil til app.

– Mange av dei liker jo det gamle og kjente, seier Farsund.

Hos Sparebanken Vest seier kommunikasjonsdirektør Hanne Dankertsen at hos dei er det mange som allereie har lasta ned BankID-appen.

– Likevel får vi ein god del førespurnader om dette i desse dagar, seier ho.

Appen for BankID

Slik vil det sjå ut når du lastar ned appen som skal det skal bytast til.

Foto: Kasper Valestrand/NRK

Kodebrikka forsvinn ikkje

Men ikkje alle er like nøgd med infoen om det som no skjer.

– Eg fekk berre opp ein tilfeldig Facebook-post om endringa, fortel Jonas Eimhjellen.

Sjølv om BankID no skal byte frå mobil til app, betyr ikkje det at den gode og gamle kodebrikka vil forsvinne.

Ein vil framleis ha som alternativ å bruke kodebrikka når ein vil logge seg inn på sider som nettbanken og Altinn.

– Kundane som går ut herifrå er trygge

I samarbeidet om BankID-appen er det med over 100 bankar. Ein av bankane som ikkje har tatt i bruk appen er Danske Bank.

Grunnen er at banken har utvikla eit eige system, Mobil-ID, som har same funksjonaliteten og nivået på sikkerheit som BankID har.

– Noko av bakgrunnen for det er at vi allereie på utviklingsstadiet såg at ein ny betra BankID-løysing var på trappene, seier Eivind Evjen, kommunikasjonsrådgivar hos Danske Bank.

Når Johannes Sunde Farsund hos Sparebanken Sogn og Fjordane rettleier kundane om appen, pleier dei saman å teste at appen fungerer.

Så dei aller fleste av kundane som går ut herifrå er trygge kva dei skal gjere.

Les også BankID på mobil blir historie: – Vil gjøre hverdagen enklere

Facial recognition ansiktsgjenkjenning