Hopp til innhold

- Sognebåten kan ofrast for skulane

Fylkeskommunen må kunne kutte snøggbåtruta på Sogn for å berge vidaregåande skular, meiner Fjaler-ordførar Arve Helle.

MS Vingtor

KOSTAR 12 MILLIONAR: Båtruta Bergen-Sogn kan ofrast for å berge skular, meiner Arve Helle.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

Kvart år brukar fylkeskommunen 12 millionar kroner på båtruta mellom Bergen og Sogn. Helle meiner heile den fylkeskommunale drifta må under lupa for å sikre skulane.

– Vi må rett og slett tore å sette desse tinga opp mot kvarandre. Det er den prioriteringa dette handlar om.

Ap-ordføraren i Fjaler fryktar for Dale vidaregåande skule som blir føreslått nedlagt i Norconsult sin rapport om framtidas skulestruktur i Sogn og Fjordane. Også Stryn, Høyanger, Luster, Årdal, Jølster og Måløy er på ulikt vis nedleggingstruga fordi elevtalet går nedover, og fylket får strammare økonomi.

Arve Helle

- MÅ TORE Å PRIORITERE: Ordførar Arve Helle i Fjaler.

Foto: Johan Moen / NRK

– Skular er langt viktigare

Betre vegnett og bussruter har gjort at den tradisjonsrike Sognebåten slit med låge passasjertal. Helle meiner skular er langt viktigare enn båtruta.

– Eg trur dei fleste er samde om at dei vidaregåande skulane er bortimot limet i kvart av desse lokalsamfunna der desse skulane ligg. Då meiner eg det høyrer med i denne diskusjonen om dette faktisk er så viktig at vi bør bruke meir på dette og mindre på andre oppgåver.

Men utspelet om å legge ned båtruta mellom Bergen og Sogn vert dårleg motteke hjå dei som kjempar for at fylket skal bruke mest mogleg pengar på samferdsel.

Arnstein Menes

- IKKJE RØR! Samferdsel treng dei pengane vi har, seier Arnstein Menes.

– Samferdsel har ingenting å gje

Sognebåten har i årevis vore avhengig av store fylkeskommunale øverføringar, men leiar i samferdsleutvalet, Arnstein Menes frå Senterpartiet, vil ikkje utan vidare ofre båten for vidaregåande skular.

– Eg forstår at mange innan skulesektoren ser med stor spenning på den skulebruksplanen som no skal opp, og at dei meiner det trengst meir pengar. Men eg meiner det blir feil å dra inn enkelttiltak i den diskusjonen.

– Det vi må diskutere er dei totale rammene til kvart område. I samferdsel har vi ingenting å gje til andre.

– Men er ikkje dette ein reell prioriteringsdiskusjon? Skal ein bruke 12 millionar kroner på ei båtrute eller heller bevare skular?

– Det er eit samla budsjett for fylkeskommunen, men dette budsjettet er delt inn i rammer, og Sognebåten er ein diskusjon innan dei rammene som er tildelte samferdsel.

Dale vidaregåande skule

- LIMET I LOKALSAMFUNNET: Dale vidaregåande skule i Fjaler.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Vil ha meir, ikkje mindre

Til neste år vil fylkeskommunen bruke 782 millionar kroner på dei vidaregåande skulane, på same tid blir det brukt 995 millionar kroner på samferdselstiltak som til dømes vegbygging, buss- og båtruter. Totalbudsjettet til fylket er på 2,2 milliardar kroner.

I eit fylke som mange stader slit med eit elendig vegnett vil Menes ha meir til sin sektor, ikkje mindre.

– Det meiner eg absolutt. Vi ser at med dei budsjetta vi har no så har vi veldig lite til investeringstiltak innan samferdsel. Dette må vi greie å auke.

Nyleg vedtok Fylkestinget å frede Sognebåten fram til 2015, i eit samrøystes vedtak som også Arve Helle var med på, Men Helle meiner tida er moden for å ta debatten om båtruta skal leve etter det.

– Eg vil hevde at desse vidaregåande skulane er noko av det aller viktigaste fylkeskommunen steller med, og det bør prioriterast deretter.