Hopp til innhold

Arbeiderpartiet seier ja til å slå saman politidistrikt

Medan Ap seier ja til å slå i hop politidistrikt, er regjeringskollega Senterpartiet skeptisk.

Created by InfoDispatcher

POLITIREAX-150213-SF18-170241-SI

Det er i kjølvatnet av 22. juli-kommisjonen politidirektoratet vurderer å oppretta større politidistrikt, noko som kan få stor betydning på Vestlandet.

– Det er ingenting i Gjørv-kommisjonen som tilseier at ein skal sentralisere politidistrikt. Tvert om var det vel det største politidistriktet, altså Oslo, som hadde problem 22. juli, seier leiar i Senterpartiet, Liv Signe Navarsete.

Gjørv-kommisjonen sin 22. juli-rapport bad i fjor om endringar i politiet.

Meiner små distrikt har utfordringar

I går fortalde NRK at Politidirektoratet vurderer nedlegging av fleire av dei 27 politidistrikta her til lands.

Åtte ledige politimeisterstillingar, mellom anna i Florø og Haugesund, blir no berre utlyst for eitt og eit halvt år om gangen.

– Små distrikt har ein del utfordringar. Dei har vanskar med å skaffe seg kompetanse til å løyse alle typar oppdrag, med små ressursar både på operasjonssentralar og elles, seier assisterande politidirektør, Vidar Refvik.

Og no varslar justispolitikaren frå Arbeiderpariet færre distrikt i framtida.

– Vi kjem nok til å leggje ned politidistrikt, men kva politidistrikt det vert, er det for tidleg å seie no. Vi må avvente studien først, seier stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet, Sigvald Oppebøen Hansen.

Meiner eitt per fylke er nok

Han meiner eitt distrikt per fylke bør halde. Det kan til dømes berge Sogn og Fjordane, medan ni andre forsvinn.

– Slik sett vil eg då lande på om lag 18–19 politidistrikt, men det er ikkje ei sak som er drøfta politisk endå, seier Hansen.
I juli kjem politidirektøren sitt framlegg, men alt no fryktar Sp færre politifolk i Distrikts-Norge.

– Det vi veit av all erfaring tidlegare er at dersom ein flyttar det administrative senteret vekk, er det også raskare å slå saman, redusere og kutte i nærpolitiet, seier Navarsete.

Frå seks til eitt år

Framtida til Sogn og Fjordane politidistrikt er så usikker at Justisdepartementet kortar ned åremålet for politimeisterstillinga drastisk.

Tidlegare var åremålet seks år, men no varer det ut neste år. Det same gjeld for ei rekkje andre politidistrikt.

Fylkesleiar Kjetil Drange i Politiets Fellesforbund tek dette som ei stadfesting på det dei lenge har frykta.

– Det oppfattar vi som ei stadfesting på dei tankane vi har hatt dei siste dagane etter medias avsløringar dei siste dagane. Dei små distrikta vert truleg lagt inn under dei store, seier Drange.

Trur det er vanskeleg å snu

– Kor konkrete opplever du at desse planane er når det kjem ei pressemelding?

– Eg må berre seie at vi bur oss på at det går den vegen. Eg trur det er ein tung jobb å jobbe i mot det. Vi får berre gjere det beste ut av dei føringane som kjem, seier Drange.

Men han presiserer at han ønskjer at det vert ein open prosess.

– Argumenta må telje, og det må leitast fram argument både for og imot, og takast nøye vurderingar før vi går til eit slikt stort steg, seier Drange.