– Vi har grunnlag for å tenke at ein auke i talet på stillingar vert følgt opp neste år, seier Iden
I fjor vart seks nye politistillingar oppretta i Sogn og Fjordane, leiar Kjetil Drange i Politiets Fellesforfund er nøgd med at det vart oppretta ei ekstra stilling.
– Vi håpar dette held fram komande år, dette kan hjelpe oss med å yte god service til publikum, seier Drange.
GOD SERVICE: Fleire stillingar kan føre til betre service til publikum, seier Drange
Foto: Vidar Gudvangen / NRKJamt fordelt
Det vert oppretta to nye stillingar i Nordfjord, to nye i Sogn og tre i Sunnfjord. Iden seier han er fornøgd med fordelinga.
– Vi ønskjer at beredskapen skal vere best mogeleg over alt, det er det som er grunnlaget for fordelinga, seier Iden.