Fylkesleiar Kjetil Drange deler langt på vegsjef for Beredskapstroppen, Anders Snortheimsmoen, si frykt for at beredskapen i Norge har stått stille sidan terroråtaka for snart to år sidan.
– Rett nok har vi snart fått våpen i alle bilane og styrka bemanninga på operasjonssentralen. Men slik samansetninga av vakter er, så tykkjer eg vi heller har gått mange steg tilbake, seier Drange til NRK.no.
Ein og ein halv time
Det nærmar seg sommar og sommarferieavvikling, men Politiets Fellesforbund er uroa over korleis beredskapen blir. Han viser til ei vaktsamansetjing som i delar av fylket resulterer i lang utrykkingstid.
Det verste tilfellet kan i verste fall resultere i ein og ein halv time utrykkingstid før patruljen i det heile er samla og klare til å rykkje ut.
– Enkelte stader i distriktet so vil dei to tenestemennene som er på vakt i same patrulje, bu ein og ein halv time frå kvarandre. Dersom den patruljen får eit oppdrag på kvelds- eller nattetid so må dei anten køyra i møte med kvarandre eller til den eine eller andre staden, seier Kjetil Drange, leiar i Politiets Fellesforbund i Sogn og Fjordane.
– Å kome ein og ein halv time etter meldinga er kome inn trur eg ikkje at eg treng å utdjupa so mykje. På den tida kan det skje mykje.
- LES OGSÅ:
– Pest eller kolera
Sogn og Fjordane har per 31. mars den sjette lågaste politidekninga per 1000 innbyggjar blant alle 27 politidistrikt i Norge. Her finst det 1,19 tenestemenn per 1000 Sogn og Fjording. Det syner nye tal frå politiet.
– Eg har forståing for at det er ein vanskeleg situasjon å setja opp bemanningslista. Det blir beskrive som å velja mellom pest eller kolera. Men det valet som er gjort om at ein skal ha so lange strekningar mellom dei to i patruljen, og at ein tenestemann må køyra so langt for å møta makkeren sin, det er ikkje eit godt val, seier Drange.
- LES OGSÅ:
Ronny Iden, konstituert politimeister i Sogn og Fjordane, meiner at beredskapen er blitt litt betre dei siste åra.
– No kjenner ikkje eg vaktlistene detaljert, men det kan godt hende at det dukkar opp enkelte episodar slik Drange seier. Det er krevjande å setja saman beredskapslister for sommaren, men me meiner at me har fått ein litt betre beredskap enn i fjor, sjølv om det er krevjande å setja opp vaktlistene i sommar, seier Iden.
- LES OGSÅ:
Skal tilsetje fleire
Sogn og Fjordane politidistrikt har fått tildelt sju nye stillingar som skal tilsetjast frå første september. Drange seier at det er ein god start på vegen mot det han meiner er god nok bemanning.
– Det blir betre. Får me sju nye stillingar kvart år fram mot 2020, so vil me openbart bli betre rusta til å ta vare på den beredskapen me ønskjer å tilby, seier Drange.
- LES OGSÅ: