Hopp til innhold

Slik skal sterkare skog gi færre straumbrot

Ein ny metode for tynning langs kraftgatene skal gi sterkare skog og færre straumbrot. Funna er så interessante at NVE no vil kome med ein ny rettleiar.

UTFORDRENDE LINJERYDDING; Ruben Løyning fra Eidsiva er igang med rydding av kraftgatene etter uværet

NY METODE: Færre tre langs kraflinjene er ein av metodane som på sikt skal gje færre linjebrot.

Foto: Jesper Haugen / Eidsiva

Nyttårskvelden skjedde det igjen. På grunn av kraftig vind og trefall vart 35 000 kundar utan straum. Bygder vart isolerte, der det tok fleire dagar å få opna vegen igjen. Men dei siste åra har kraftnæringa og skognæringa gått saman om testing av ein ny metode mot trefall. Alt skjer i samarbeid med ulike forskingsmiljø.

– Nettselskapa har tradisjonelt hatt for stort fokus på underskogen under kraftlinjene, men det er sideskogen som er hovudproblemet, seier seniorforskar i Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO), Svein Solberg.

Svein Solberg, Norsk institutt for bioøkonomi

STORT POTENSIALE: Svein Solberg i NIBIO meiner det er mogleg å få ned talet på straumbrot i framtida dersom ein forvaltar skogen betre.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Prosjektet Sterkare skog er eit samarbeid mellom fleire nettselskap, samt Meteorologisk institutt og NIBIO.

Målet er å innføre smartare metodar for rydding og dyrking av skog, som skal gje årlege innsparingar på opp mot 100 millionar kroner.

– Nettselskapa har ofte sjablongmessig gjort kraftgatene breiare etter kvart som skogen blir høgre. Problemet då er at ein eksponerer tre som ikkje er herda til å stå i kant. Ofte kan det vere farleg fordi dei ikkje toler å bli eksponert, seier Solberg.

Kraftgaten gjennom Nordmarka, nord for Ullevålseter

MÅ TENKE NYTT: Nettselskapa har i for stor grad gjort kraftgatene breiare etter kvart som skogen blir høgre. No må nettselskapa tenke nytt, meiner NIBIO.

Foto: Sissel Riibe, NVE

Ny metode

Nettselskapa blir no utfordra til å tenke nytt når det gjeld dyrking av skog rundt kraftlinjene. Det handlar mellom anna å gje betre plass til færre tre. Tradisjonelt blir det dyrka 150–200 tre per dekar. Basert på forskarane sitt råd ønsker nettselskapa å redusere skogtettleiken ned mot 80–100 tre per dekar i enkelte område.

– Dersom skogen står for tett, så vil den ikkje vere særleg stabil. Då vil ikkje trea utvikle stabile rotsystem og stammar, seier Solberg.

Han seier utfordringane for nettselskapa dei neste åra berre kjem til å auke på grunn av at skogen tettar seg.

– Det blir meir og meir skog. Problema aukar fordi tilveksten er mykje større enn hogsten. Trea blir også høgre, dermed aukar faren også ved kraftgatene, seier Solberg.

Ny rettleiar

I 2016 kom Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) med ein rettleiar som handla om rydding av skog rundt kraftleidningar. Den kan no bli erstatta, på bakgrunn av den nye kunnskapen.

– I etterkant av prosjektet Sterkare skog har vi fått innspel om at det er ein del punkt vi bør revidere, så det er eit arbeid vi går i gong med no. Og dermed forbetre vår rettleiar på skogrydding, seier senioringeniør Hege Sveaas Fadum i NVE.

Betre forsyningstryggleik

Nettselskapa som har vore med i prosjektet har tru på at ein kan få ned talet på uønskte hendingar.

– Det er opplagt at ein kan få vesentleg betre forsyningstryggleik ved å samarbeide betre mellom nettselskapa og skogbruket, seier Hans Peter Eidseflot, som inntil nyleg var sentral i prosjektet for Mørenett.

Han meiner både nettselskapa og skogeigarane kan tene på å tenke nytt.

– Dersom ein får til hogst langs kraftlinjene før skogen er for stor, så er det ein fordel for skogeigaren. For han utgjer kraftlinjene eit hinder og eit risikomoment i forbindelse med hogsten. For nettselskapa vil forsyningstryggleiken heilt klart bli betre, seier Eidseflot.