Hopp til innhold

Devik og Hestenesøyra utan veg og straum

Dei to bygdene Devik og Hestenesøyra i Gloppen i Nordfjord er utan både veg og straum etter at store tre har rasa ned i vegen fleire stader.

Tre i vegen ved Devik

STORE TRE: Det er store tre som har rasa ned i vegen ved Devik.

Foto: NRK-tipsar

– No er det ikkje mogleg for korkje brannvesen, politi eller ambulanse å kome fram, så vi er vel prisgitt Herren, seier Richard Schumann.

Han er i den vesle bygda Devik i Gloppen, og kjem seg ingen stader. Store tre har også teke med seg fleire høgspentlinjer, så bygda er utan straum.

– Vi har vore utan straum ei god stund, og det er dei også på Hestenesøyra, seier Schumann.

Det har ramla tre ned i vegen i alle fall tre stader. På fylkesveg 615 mellom Hyen og Hestenesøyra, mellom Devik og Sandane og i nærleiken av Kviteneset.

– Det er tale om veldig store ras. Heilt massivt, seier Schumann.

Jan Erikstad hos Vegtrafikksentralen i Lærdal kan stadfeste at vegen er stengd.

– Vi har ikkje fått beskjed om kor tid vegen vil opne, men det er folk på staden som jobbar med å rydde, seier han.

Tre i vegen ved Devik.
Foto: NRK-tipsar

Håpar det ikkje skjer noko

I Devik bur det rundt ti menneske, og på Hestenesøyra rundt 90. Richard Schumann tykkjer ikkje det er kjekt at ei bygd med fleire eldre er heilt isolert frå omverda.

– Vi får berre håpe at det ikkje skjer noko, og at både veg og straum kjem tilbake så fort som mogleg.