Meldt om ekstremt glatte vegar: – Me strør, men det bles av vegen

Ekstremvêret «Gyda» herjar i Noreg. Over Hardangervidda har to lastebilar køyrd av vegen grunna glatte vegar.

Grotli på Strynefjellet

STENGT: Rv. 15 over Strynefjellet er ein av dei mange fjellovergangane som er stengt.

Foto: Vegvesenet

Det bles og regnar godt fleire stadar i landet no.

Ekstremvêret «Gyda» har fått NVE til å senda ut raudt farevarsel om flaum, og jord-, sørpe- og flaumskred. Raudt er det høgaste nivået.

Fleire fjellovergangar er stengde grunna uvêr, men riksveg 7 over Hardangervidda er framleis open. To lastebilar skal ha køyrt av vegen i nærleiken av Fagerheim.

– Det er glatt. Dei slit med å få strødd fordi vinden tar det før det får lagt seg, seier Idar Sangoldt i Vegtrafikksentralen og legg til at alle større køyretøy må bruke kjetting over vidda no.

Stor skredfare

– Dette er ein ekstrem situasjon som hender særs sjeldan og som kan føra til store skadar, seier Elin Langsholt i flaumvarslinga i NVE.

Det har allereie gått skred fleire stadar i landet. I Modalen nordaust for Bergen vart fleire naust tatt av ei flodbølge som følge av eit skred.

Ras i Modalen

LAGDE FLODBØLGE: Eit steinras i Nøttveit i Modalen resulterte i ei flodbølge og fleire øydelagde naust.

Foto: Vidar Nøttveit

NVE ventar svært mange skred, og fleire kan få enorme konsekvensar.

– Dette kan potensielt bli stygt, seier Aart Verhage, regionsjef i NVEs region vest.

– Når vi varslar høgste faregrad på skred og flaum, er det fordi det potensielt er stor fare, og at det som kjem kan vere stort. Det er ikkje småskred vi varslar. Det er store ting med stor kraft.

Størst fare er venta natt til torsdag.

Vanskelege køyreforhold

Det raude varselet viser at indre strok av Vestlandet og Midt-Norge er spesielt utsett. I tillegg er det raudt varsel om ekstremt mykje regn og flaumfare i Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag.

I Nordfjord førebur folk seg på å bli stengd inne utan mobildekning. Jegerar har blitt bedne om å lade opp jaktradioen i tilfelle dei blir avstengde av ras.

Lastebil med problemer på glatta mellom Foldereid og Høylandet

TRØNDELAG: Lastebil med problem på glatta mellom Foldereid og Høylandet i Trøndelag.

Foto: Tipser

– Det er ei god forsikring, seier Leidulf Gloppestad (Sp), som er ordførar i Gloppen.

«Radio-grepet» er frå tidlegare definert som ein del av beredskapsplanen i kommunen.

I Ørsta har Røde Kors plassert ut stasjonære radiosamband i tilfelle telefonsamband og naudnettet skal ramle ut på Vartdalsstranda og Hjørundfjorden. Begge stadane er utsette for ras.

– Det er sårbart dersom ein ikkje kan kommunisere saman og dette er med på å trygge innbyggjarane, seier korpsleiar Torgeir Standal.

Rammer som verst i natt

Sør-Trøndelag, Salten, Svartisen, Trollheimen, Indre Fjordane, Jotunheimen, Indre Sogn, Voss, Hardanger, Heiane, Helgeland Nord-Trøndelag, Ytre Nordmøre, Nord-Gudbrandsdalen, og Ofoten har alle raudt varsel om stor snøskredfare.

I Nord-Noreg har vêret på kort tid gått frå mange kuldegrader til fleire varmegrader og regn.

I Harstad, der det i førre veke kom store snømengder, er fleire vegar nå nesten uframkommeleg.

Iben Meyer-Nilsen filma denne bilen som segla ned Harstadgårdsbakken og sende den så til ht.no. Ho har og gitt NRK lov til å visa videoen.

Mildvær har ført til svært glatte veier mange steder. Her seiler en bil ned Harstadgårdsbakken i Harstad. Fotograf er Iben Meyer-Nilsen.

Mildvêr har ført til svært glatte vegar mange stader. Her seglar ein bil ned Harstadgårdsbakken i Harstad. Fotograf er Iben Meyer-Nilsen.

Utanfor Stedjebergtunnelen på rv. 13 i Sogndal rasa ein stein på kring ein gonger ein meter ned rundt 09.30. Ein bil køyrde i steinen. Airbagane i bilen blei utløyst, men det var ikkje meldt om personskade, opplyste Vest politidistrikt.

Stengde fjellovergangar

Så langt er mange av fjellovergangane stengde eller har kolonnekøyring.

Slik er stoda på Vestlandet onsdag føremiddag:

  • Rv. 13 Vikafjellet: Vegen er stengt. Ny vurdering fredag 09.00.
  • Rv. 15 Strynefjellet: Vegen er stengt. Ny vurdering torsdag føremiddag.
  • Rv. 52 Hemsedal: Open, men Vegtrafikksentralen åtvarar om glatt veg.
  • Fv. 53 Tyin-Årdal: Vegen er stengt. Ny vurdering fredag 12.00.
  • Fv. 50 Aurland-Hol: Open for fri ferdsel.

Nord-Noreg:

  • E6 Saltfjellet: Kolonne.
  • E10 Bjørnefjell i Narvik er stengt i begge retningar.
  • Ev 69 Skarsvåg - Nordkapp er stengt.
  • Kongsfjordfjellet og Båtsfjordfjellet i Finnmark har kolonnekøyring.
  • Fv 98 Ifjordfjellet er stengt.
  • E6 Kvænangsfjellet - Open, men kan få innført stengt/kolonne på kort tid. Eit køyretøy har stansa på nordsida av fjellet. Dette er venta berga rundt klokka 22.00.
  • Rv 77 over Graddis: Open på norsk side, kolonnekøyring på svensk side.
  • Vesterålen: Fv 82 Melbu-Fiskebøl innstilt.
  • Sør-Troms: fv. 848 Stangnes-Sørrollnes innstilt.
  • Fv 17: Vennesund-Holm innstilt. Det er fare for nye innstillingar utover. dagen. Du kan halde deg oppdatert på ferjeselskapa sine nettsider.

Dei andre fjellovergangane mellom Aust- og Vestlandet er opne.

I tillegg er mange vegar i Sogn blitt stengd i løpet av onsdagen:

  • Fv 5637 Skjolden – Urnes
  • Fv 5641Hafslo – Veitastrond
  • Fv 5600 Vik – Arnafjorden
  • Fv 5602 Vangsnes-Fresvik
  • Fv 5606 Menes
  • Fv 55 Esebotn
  • FV 5623 Bakka
  • FV 5625 Skjerdalen

I tillegg er ferjesambandet Vangsnes-Hella-Dragsvik i kriserute. Det vil seie at dei går til Balestrand og ikkje til Dragsvik så lenge det er rasfare på Fv 55.

Fylkesveg 49 ved Nordrepollen i Hardanger vert også stengd frå midnatt av grunna fare for skred og nedfall

Innstilte ferjer

Det dårlege vêret fører og til at rutene på fleire ferjesamband er innstilte, spesielt i Midt- og Nord-Noreg. Slik er stoda:

  • Levang-Nesna er opna att. Fyrste ferje går 11.10 frå Levang.
  • Igerøy-Horn er innstilt.
  • Svolvær-Skrova er innstilt.
  • Melbu-Fiskebøl er innstilt.
  • Bodø-Værøy-Røst er innstilt.
  • Bognes-Lødingen er innstilt.
  • Bognes-Skarberget er innstilt.
  • Holm-Vennesund er innstilt.
  • Småge-Orta-Sandøya-Finnøya-Ona er innstilt.
  • Vestfjorden: Rv 85 Bognes-Lødingen og Rv 80 Bodø-Moskenes innstilt.
  • Boreal innstiller alle avgangar på Rute 24, Ålesund, Valderøya og Nordøyane ut dagen onsdag.