Hopp til innhold

Gravemaskinførar teken av ras

Svein Skjærli skulle berre rydde opp etter eit lite ras på ein kommunal veg. Ved første gravetak losna heile skråninga og han var fanga i gravemaskina i eit enda større ras.

DETTE RASET TREFTE GRAVEMASKINEN: Svein Skjærli segla med massane om lag 5 meter. Han gav full gass og klarte å unngå velting.

Onsdag ettermiddag gjekk eit ras mellom Naustdal og Stavang i Sunnfjord kommune. Midt i dette raset sat Svein Skjærli i gravemaskina si.

Eigentleg skulle han ha vore heime og feira bursdagen sin, men blei kalla ut på eit oppdrag for å ordne opp etter eit mindre ras.

– Det var snakk om å fjerne eit par traktorskuffer med rasmasse. Det skulle ikkje ta så lang tid, seier Skjærli.

Ved første gravetak lausna heile skråninga. Han segla av stad inne i gravemaskina på 3,5 tonn.

– Ho blei plutseleg veldig lita den maskina eg sat i. Eg hadde ikkje mykje kontroll, seier han.

Skjærli blei litt stressa og gav full gass. Fanga inne i gravemaskina klarte han å « halde seg på beina» og ikkje velte.

Han og gravemaskina sklei nedover bakken fleire meter før han stogga. Han fekk komt seg ut av maskina kring fem meter lengre nede. Då småsprang han vidare nedover til ein annan kollega og sa:

– Vi må komme oss her ifrå!

Svein Skjærli i gravemaskina si.

PÅ EIN GODVERSDAG: Det var ikkje akkurat like bra vêr i dag når Skjærli var ute på oppdrag. Her i ei litt mindre gravemaskin.

Fekk opp pulsen

Med litt hjartebank kom dei seg frå staden. På spørsmålet om han tok skrekken svarar han dette:

– Det sette ein liten støkk i meg, men eg toler ein støyt.

Han reknar med det var rundt 20 meter breitt og har losna kring 20 -30 meter oppe i skråninga.

Det kan komme til å rase meir i området, trur Skjærli. Særleg ettersom det aukar på med nedbør og at ein ny skogsveg også fører til at vatnet finn nye vegar.

Svein Skjærli er langt frå den einaste som har opplevd at det rasar i dag. Det har gått mange ras.

Enorme skadar i Modalen

I føremiddag gjekk eit stort steinras ved Nøttveit i Modalen i Vestland. Raset førte til ei flodbølge som øydela og tok med seg fleire naust på fjorden. Ingen personar var involvert, men dei materielle skadane var store.

Ras i Modalen

ENORME KREFTER: Det var store mengder stein som raste ut i Nøttveit i Modalen. Resultatet vart ei flodbølge og øydelagde naust.

Foto: Vidar Nøttveit

Vidar Nøttveit bur i Bergen, men har hytte og fleire naust saman med faren i Modalen. Då han fekk høyre at det var gått skred sette han seg i bilen. Han køyrde den vel timen frå Bergen for å sjå kva som hadde skjedd.

Det som møtte han var enorme skadar på fleire naust.

– Her har det voe kraftig krefter i sving, seier Nøttveit.

Vidar Nøttveit sine naust er borte.

SER NAUSTET FLYTE: Vidar Nøttveit mista tre naust i raset i Modalen.

Foto: Vidar Nøttveit

Det er ikkje spor igjen etter to av nausta, dei har forsvunne ut i sjøen.

Nøttveit fortel at han og familien har mista tre naust i raset, og at naboen fekk to totalrasert.

Brannvesen, politi og kystverket arbeider med å koordinere korleis dei skal få vrakrestane til land, skriv kommunen på nettsidene sine.

Ras i Modalen. Naust er skada frå raset og flodbølga som følgde.

STORE SKADAR: Dei bygga som ikkje vart dratt ut i fjorden fekk store skadar etter flodbølga.

Foto: Vidar Nøttveit